Ved dei to siste vala har Norddalslista fått flest røyster. No er det truleg slutt.

– Fristen for å levere inn liste er 30. mars. Men det er ikkje noko som tyder på at det blir noko liste frå oss, seier Audun Skjervøy, gruppeleiar for den partipolitisk uavhengige lista.

– Vi som har vore drivkreftene bak lista, sjølv har eg til dømes vore med i 12 år, føler at vi har stått lenge nok med motvind i ansiktet. No ønsker vi å bruke kreftene på noko anna, seier han.

I dei to siste periodane har lista hatt sju representantar i kommunestyret og vore størst. Men dei føler at dei har blitt haldne litt på utsida.

Skjervøy seier at det viktigaste for Norddalslista har vore å sjå heile kommunen under eitt, medan han føler at dei andre partia har vore for mykje opptekne av sentrum.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no