Fest for kaia 17. mai

Heile Norge kjem til å flagge den dagen den nye cruisekaia på Hellesylt vert opna. Det skjer nemleg 17. mai.
Indre

Det er det Malta-registrerte «Empress» som får æra av å vere første cruiseskipet som legg til kai. Om bord er i underkant av 2.000 passasjerar, som vil bli tekne i mot med hornmusikk og norske flagg.

12 anløp

– Hittil har vi motteke 12 bestillingar frå cruiseskip som vil til kai i år, forklarer hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Totalt har 107 cruiseskip meldt sin ankomst til Hellesylt i år.

– Då er vel 12 skip litt lite?

– Jau, men ein må ta med at mange av desse planlegg lang tid i førevegen og melde frå allereie i 2010 at dei kom. Eg trur at fleire enn dei 12 kjem til å gå til kai i sommar, når dei får sjå den nye kaia og korleis ho fungerer. Og neste år reknar eg med at endå fleire skip går til kai, seier hamnesjefen.

Alternativet er tenderbåtar mellom skipa og land. Og desse tenderbåtane skal også nytte den nye cruisekaia. Dei har nemleg fått ein eigen plass for ilandstiging på baksida av den nye cruisekaia.

Arbeidet med sjølve kaia er ferdig. No driv dei med på med den siste finpussen.

Bøye

– Vi ventar mellom anna både på eit rekkverk og ei flytebøye. Bøya skal liggje ved enden av kaia, og nyttast av skipa til å stabilisere seg, forklarer Rita Berstad Maraak.

Både rekkverk og bøye er venta i løpet av kort tid. Vidare går føre seg det ein del arbeid på land.

Drift

Geiranger Fjordservice og Ingers Trans har fått oppdraget med å drifte kaia i sommar. Hamnesjefen reknar med at mellom to og åtte personar vil vere på jobb på kaia i samband med skipsanløp.

Også andre enn cruiseskip er velkomne til å nytte den nye kaia. Det er allereie klart at det skal skipast ut ein god del orkantømmer via kaia. Det skal skje i veke 22 og veke 28.

Stranda Hamnevesen har også planar om å byggje litt meir, men det har dei førebels ikkje pengar til.

– Vi ønskjer oss eit service- og forretningsbygg ved kaia. Men det er ein langsiktig plan som vi får kome tilbake til, seier hamnesjefen.

Ho er ikkje den einaste som ser fram til opninga. Det gjer også ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp):

– Dette blir på mange måtar eit tidsskilje for heile kommunen. No blir oppgåva å få til mest mogleg bruk av kaia, både til turistar og gods, seier Tryggestad.

Kostnad

Kaia kom på 64,4 millionar kroner, langt meir enn først rekna med.

– Kvifor det?

– Det vart gjort eit for dårleg planleggingsarbeid, kort og godt, svarer Jan Ove Tryggestad.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no





Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre