Trollstigen stengt i to timar etter snøras

Dagen etter at vegen opna etter vinteren gjekk eit mindre snøras over riksveg 63 på Valldalsida ved Trollstigen. Ingen bilar eller personar vart tekne i raset.
Indre

Raset gjekk sør for det høgste punktet av Trollstigen, mot Valldalsida av riksveg 63, i 17.30-tida laurdag. Ein hjullastar rydda vegen for snø, og Mesta vurderte raset og forholda. Ved 19.30 vart vegen opna igjen.

Bilist Anita Magerholm fortalde ved 18.30-tida til smp.no at ho stod på det nye utkikksanlegget i Trollstigen for å stoppe bilar. Politi og Vegvesenet kom til staden.

Magerholm var nummer bil nummer to ved raset etter at det gjekk. Ho køyrde tilbake til ho fekk mobildekning og varsla politiet. Ho hadde problem med å finne mobildekning, og ho opplyser til smp.no at dette skapte store vanskar med å varsle.

Det er éin dag sidan Trollstigen vart opna etter vinteren.



Har du tips frå ditt nærmiljø til smp.no? Ring 95 400 400, send sms/mms til 95 400 400 eller e-post til 95400400@smp.no