Olsokfesten i Valldal samla over tusen menneske trass gråveret

– Det er vanskeleg å hevde at verda roterar rundt Valldalen, men i dag så gjer ho det, sa Olav Magnus Linge og opna med det Olsokfeiringa i Valldal laurdag.
Indre

Linge er sjølv frå Valldal og fekk nyleg jobben som politisk rådgjevar for miljøvernminister Bård Vegard Solhjell.

På plakaten under den årlege Olsokfeiringa i Valldalen laurdag stod mellom anna trial-show med Thomas Remvik Aasen, oppvisning av Valldalen Taekawondo-klubb, folkemusikk ved Ingunn og Anne Sofie Linge Valdal, det årlege maratonløpet «Jordbærdilten», rulleskikonkurranse – og sjølvsagt ein del jordbær.

Fornøgd med arrangementet

Det er Valldal Idrettslag som står bak laurdagsarrangementet, og leiar Einar Hoel anslår at vel over tusen menneske hadde funne vegen til. Han var godt nøgd med arrangementet, sjølv om sola holdt seg for god til å dukke fram.

– Kvar bygd har sin dag eller sitt arrangement, men akkurat Olsok i Valldal er eit veldig innarbeidd arrangement. Den siste helga i kvar juli samlast folk her, lokale og tilreisande, utflyttarar kjem tilbake, så det er veldig bra, seier Hoel og meiner at veret ikkje skal vere ei hindring så lenge det ikkje regnar.

Les meir om Olsok-feiringa i Valldal i Sunnmørsposten måndag

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre