Helste hurtigruta velkommen

Det var ein merkedag for lokalbefolkninga då hurtigruteskipet Trollfjord stemna innover Hjørundfjorden søndag.

  Foto: Svein Nordal (mms)

  Foto: Svein Nordal (mms)

Indre

Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

URKE (smp.no): Hurtigruten vil dei neste vekene teste fjorden på nordgåande rute.

På Urke i Norangsfjorden inne i Hjørundfjorden var det folksamt då Trollfjord kom til kai ved 11.45-tida.

– Dette er ein stor dag og eg meiner det var på tida at hurtigruta igjen oppdagar denne fjorden som har slik ein sterk tradisjon for turistskip i eldre tider, sa ordførar Rune Hovde i Ørsta.

Følg smp.no på Facebook

Turistane skal fraktast med seks bussar til Urasætra i Norangsdalen før dei skal til Union hotell på Øye - og tilbake til Urke.

Der vert det omvisning med lokale guidar. Det skal vere flest tysktalande turistar om bord, men óg ein del turistar frå Nederland og Norge.

Les også: Prøver ut Hjørundfjorden

Det vert 11 anløp i fjorden fram til 26. september. Ifølgje rutetidene skal skipa ha avgang frå Ålesund 09.30 og kjem til Urke rundt klokka 11.30. Her blir skipet liggande til rundt klokka 15.30, før det set kursen tilbake til Ålesund.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre