Ferje smalt inn i kaia

Ferja som skulle legge til kai på Stranda torsdag morgon, bomma på anløpet - og smadra delar av kaianlegget.

Dette bildet er teken få sekund etter at MF Sykkylvsfjord braste inn i kaianlegget på Stranda. Ingen personar kom til skade i krasjen.  Foto: Teddy Drege (mms-foto)

  Foto: Sveinung Vemøy

  Foto: Sveinung Vemøy

Indre

Ingen personar kom til skade i uhellet, men passasjerane fekk seg ein real støkk.

– Det kom eit voldsomt drønn og trebitane fauk innover land, fortel Teddy Drege som stod i ferjekøen på land, til smp.no.

Drege rakk å filme ferja då den bakka ut frå kaia etter krasjen ( sjå video under, journ. anm.)

Følg smp.no på Facebook

Åttvara passasjerane

Også Sveinung Vemøy såg korleis fartøyet kom sigande inn på feil plass ved anlegget før det small: – Eg kom inn på kaia då det small så fjølbitene fauk, fortel han.

Uhellet skjedde då MF Sykkylvsfjord som går ruta mellom Stranda og Liabygda, skulle legge til kai kort tid før klokka sju.

Etterpå fortalde ein matros om bord til Vemøy at han rakk å rope til passasjerane at dei skulle flytte seg fra bilane, før dei braste inn i trekaia.

Saka held fram under videovindauget


Propelltrøbbel

Etter uhellet fekk ferja bakka ut og lagt til ved ferjelemmen. Skipper Bjørn Hornberg om bord på MF Sykkylvsfjord fortel at det var tekniske årsaker til krasjen.

– Vi hadde problemer med propellen i den eine enden, forklarar Hornberg til smp.no.

Difor klarte ikkje ferja å bakke skikkelig då den kom mot land, og uhellet var eit faktum.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

Ferja fekk ikkje opna baugen etter smellen og bilane måtte difor rygge av på Stranda. Skipperen gjekk likevel over fjorden med berre ein propell, for å hente skolebarn som skulle over til Stranda.

– No kjem vi til å legge oss til på Stranda og bli der til vi får sjekka kva som er galt, sa skipper Hornberg då ferja var på veg tilbake over fjorden klokka 07.45.

Innstilt

Politiet reiste på staden i morgontimane for å undersøke nærare kva som har skjedd. Operajonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt opplyser at det vart teken promillesjekk av alle om bord, men at dei ikkje mistenkjer mannskapet for å ha voore påverka.

Ruta var innstilt inntil vidare.

Torsdag føremiddag opplyser Fjord1 at det er normalt drift på ruta fra klokka 11.

Det er ikkje opplyst kva for fartøy som då vil trafikkere ruta, og smp.no kjem ikkje i kontakt med selskapet.

Sjå oppdateringer på Fjord1-sine heimesider

Har du tips om denne saka - eller anna frå trafikken? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.


Vis større kart