Elevar med gode idear

Sjokolade på pinne eller praktisk skulepult? Eller ei nettside som marknadsfører lokalt øl?

Politikarbesøk. Det er flest jenter som har valt timar med entreprenørskap ved Stranda vidaregåande skule.– Eit unikt engasjement for utvikling, seier Mette Hanekamhaug (Frp) som er medlem av i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Her står ho saman med tillitsvald Tore André Skog. Mellom alle elevane er det stortingspolitikarane Elisabeth Røbekk Nørve (H), Frank Bakke Jensen (H), og Oskar Grimstad (Frp). 

Undervisninga i entreprenørskap i skulen må bli meir praktisk retta

Ole Bjørn Hjellegjerde
Fagtilbod
  • Stranda vidaregåande skule har rundt 180 elevar.
  • Det er liner både for studiespesialisering (idrett og studiespesialisering) og yrkesførebuande fag (helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk og industriell produksjon).
  • I tillegg til dei obligatoriske faga med studiespesialisering, kan ein velje mellom anna Entreprenørskap og bedriftsutvikling det 2. og 3. året.
  • Andre skuler i fylket som tilbyr entreprenørfag er Atlanten vgs, Romsdal vgs, Ålesund vgs, Akademiet, Ålesund

Stortingsrepesentant Elisabeth Røbekk-Nørve (H) smaker på produktet til elevbedrifta på Stranda vg skole: Taco-burger. 

Prototype. Grande Trevare vil lage ein prototype av denne 3D-modellen av ein skulepult som elevar med entreprenørskap har teikna. 

Lærar. Ole Bjørn Hjellegjerde undervisar i entreprenørskap. 

Indre

Stranda. Ideane er mange på Stranda vidaregåande skule. Dei vel 20 elevane med programfaget entreprenørskap kan meir enn å pugge glosar.

– Elevar i den vidaregåande skulen må lære å utvikle nye idear frå dei beste i verda, til dømes frå Facebook, Spotify og Apple, seier lærar Ole Bjørn Hjellegerde.

Vil ha næringslivet inn i skulen

Gründeren og næringslivsmannen er blitt heiltent lærar ved Stranda vidaregåande skule. Han har arbeidd i fleire verksemder og er framleis styreleiar i møbeldesigndatabasen «Furnituredesignmarket.com».

Han meiner at ei storsatsing på entreprenørskap, innovasjon og utvikling allereie i den vidaregåande skulen vil bli avgjerande for å oppnå større internasjonal breidde og allsidigheit i det norske næringslivet.

– Både Sverige, Danmark, Finland og Tyskland omset teknologisk kunnskap til suksessrike produkt og tenester. Det gjer ikkje Norge i same grad, seier Hjellegjerde, som meiner det har ein klar samanheng med at ein ikkje knyter undervisninga i skulen nærare næringslivet.

Han vil ha fleire næringslivsfolk inn som undervisarar. Landa med suksess bruker også meir til forsking og utvikling.

Følg smp.no på Facebook

Politikarbesøk

Fredag fekk han fortelje bodskapen sin til stortings- og fylkespolitikarar frå Høgre og Frp under ei orientering ved Stranda vidaregåande skule. Også andre parti var invitert, men hadde ikkje høve til å setje av tid til saka.

Dei vel 20 elevane fekk presentere seg sjølve, og alle streka under verdien i å få utvikle og utfordre eigne idear.

Nokre syntest det også var fint å få eit praktisk fag mellom alle dei teoretiske faga i studiespesialiseringa.

– Gler meg til kvar time

– Dei fem timane i veka vi driv med dette, er verdfulle og eg gler meg til kvar time, seier ein av elevane. Ein annan hadde høyrd så mykje positivt om læraren og valde faget av den grunn. Dei er særleg nøgde med at dei får noko praktisk å arbeider med, ikkje berre teoretiske fag.

Mette Hanekamhaug, (Frp) er medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen. Ho meiner undervisninga ved Stranda vidaregåande er unik.

– Mange skular driv med entreprenørskap, men det engasjementet som både skuleleiinga og faglæraren syner, er sjeldan, seier Hanekamhaug som er særleg glad for at så mange jenter har valt faget. Av 21 elevar er det fem gutar.

– Det lovar fint for framtida, meiner Hanekamhaug.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

Elevbedrifter

Sjølv om læraren ausar av sine røynsler frå næringslivet, følgjer ein dei læreplanane og bøkene som ligg føre. I tillegg er alle elevane med i ei elevbedrift.

Ei gruppe elevar er i ferd med å lage nettsider for det lokale trollbryggeriet i Liabygda. I Geiranger vert det laga sjokolade, og elevane vil kome opp med ein ny type. Ei anna gruppe har sett seg leie på lite praktiske skulepultar.

Dei har 3D-modellert ein ny type pult som blir framstilt som prototype av Grande trevare i Innfjorden med det første. Til hausten skal tre nye ungdomsbedrifter utstyre kantina på skulen med nye møblar.

Og ikkje nok med det. Gjestene fekk smake ein ny type Taco-burgar med saftig brød, som elevar i matfaget har utvikla.

– Det burde bli ein bestseljar, spør du meg, seier Elisabeth Røbekk Nørve (H).

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre