- Kollisjonarvert det alltid. Denne gongen med festival på Giske og AaFK-kamp. Sett påbakgrunn av dette er vi nøgde med frammøtet, seier leiar i Valldal IL, EinarHoel, og skodar utover folkehavet. Samla sett kanskje eit par tusen i løpet avdagen.

Det heile opnamed Jordbærdilten, eit lettsprunge 3,2 kilometer langt mosjonsløp. Ikkje uventavart Kristian Nedregård, Spjelkavik og omegn FIK,  raskast med tida 10.16. Nærast kom Isak FloBødal, Stårheim IL, med 10.41.

Kranglar om storleik

Jordbærdilt vart det òg på Camilla Myren Døving –diskret pynta som brud i sitt eige utdrikkingslag. Den heldige kjem frå Toten,også eit sterkt jordbærdistrikt.

- Vikranglar om kvar bæra er størst, i Valldal eller på Toten, Men ikkje verre ennat det blir ekteskap på heilag grunn ved Juvet neste helg, fortel Camilla medfortid som dyktig langrennsløpar i Valldal IL.

Kamp om finaleplassar

Morellesteinspytting var populæt grein laurdag.Gratis smaksprøve av framifrå bær nytta mange seg av, mot at «spyttet» varthøgtidleg bandmålt. Kampen om finaleplass, dit dei tre beste frå kvalifiseringakom,  var beinhard. Vinnaren er busett iÅlesund, men oppvaksen i Valldal.

- Eg har vore heime i Valldal på ferie, fekkhøyre om konkurransen, og vedgår å ha trena siste dagane, seier vinnarane somdu kan lese meir om i papiravisa på laurdag. Vinnarspyttet målte fine 9,65meter – under gode forhold i Valldal laurdag ettermiddag