Hovudkraftlinje gjekk klar ras

Raset gjekk rett nedanfor ein mastefot på den eine hovudkraftlinja som går mellom kraftanlegget i Tafjord og Ålesund.  Foto: Robert Wollmann

Rasstaden er ved Korsnes, på sørvestsida av Tafjorden.  Foto: Robert Wollmann

  Foto: Robert Wollmann

Indre

Onsdag ettermiddag gjekk eit steinras i fjellsida på sørvestsida av Tafjorden. Raset gjekk ikkje mange meter nedanfor ein mastefot på hovudkraftlinja mellom kraftanlegget i Tafjord og Ålesund.

– Eg tenkte først at dét flyet var temmeleg nært. Og då eg såg ut, såg eg raset. Det kom også ei lita flodbølgje, som gav seg temmeleg fort, fortel Robert Wollmann til Smp.no.

To hovudkraftlinjer frå Tafjord til Ålesund går parallelt her, den gamle og den nye. Såret etter raset går heilt opp til ein mastefot på den gamle kraftlinja.

Rasstaden er på ytre sida av Korsneset, med Heggura på andre sida av fjorden. Etter raset var det ein del rusk i fjorden, fortel Wollmann.

– Akkurat no er fjorden full av skit og rusk, fortel han til Smp.no seint onsdag ettermiddag.

Betydeleg større

Det har gått ras her ein gong tidlegare, men dette var atskilleg større, fortel Kåre Nerhagen som har utsikt til rasstaden.

– Det gjekk eit ras der for ein del år tilbake. No er det eit betydeleg større område som har falle ut samanlikna med sist, seier Nerhagen.

Før han legg til at dei er no vande med atskilleg større ras i fjorden enn dette.

– Men det hadde ikkje vore godt å vere på sjøen like ved. Vi pleier å fare langsmed land og fiske, og den som hadde vore langs med land der hadde ikkje hatt store sjansar, seier Nerhagen.

Skodde

Også Robert Wollmann bur på motsett sida av fjorden. Sidan det regna og var skodde, var det vanskeleg å få klare bilde. Men han rakk å ta bilde av stein som trefte fjorden.

– Det viser godt i terrenget herifrå. Men i morgon når vi får oppklaring, får vi sjå det betre, seier Kåre Nerhagen.

Skal ut

Når det lysnar skal kraftselskapet ut og undersøke rasstaden nærare. Det fortel marknadssjef Harald Nøstdahl i Tafjord.

– Vi fekk melding om raset litt over klokka 17. Det ga ikkje noko utslag på nettet, så vår vurdering er at det er tidsnok å undersøke rasstaden nærare i morgon tidleg. Det einaste som nyttar for å kome seg dit er med båt, seier Nøstdahl.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre