– Det var strålande sol og eg og min sambuar skulle berre nyte dagen i Geiranger. Som hobbyfotograf var det naturleg at vi tok ein tur for å sjå på Flydalsjuvet. Der blei vi vitne til 4–5 turistar av asiatisk opphav som stod heilt ute på stupet. Dei hadde klatra over gjerdet og stod ute på kanten. Ikkje nok med det, dei begynte også å hoppe opp og ned, seier Ødegård, som stod og såg på med hjartet i halsen.

For nokre år sidan reagerte mange då ein småbarnsfamilie balanserte på stupet ved Flydalsjuvet.

Les også: Dødsleik ved Flydalsjuvet

Les også: Livsfarleg leik på kanten av stupet

Les også: - Eg blir skremt og lei

- Uten kontroll

– Det var tydeleg at dei ikkje hadde kontroll. Den eine dama landa skeivt etter hoppet og veiva med armane for å vinne att balansen.

Ødegård såg allereie for seg at dei måtte delta på ein rask redningsaksjon.

– Men denne gongen gjekk det heldigvis bra.

Tankelause

Ødegård er forbløffa over at folk kan vere så tankelause.

– Eg lurte veldig på kva dei hadde gjort med IQ-en sin. Dette er tankelaust og livsfarleg, seier han om turistane han anslår til å vere mellom 20 og 30 år.

– Eg høyrer historier om turistar som mister livet på grunn av dårleg sikring, men her var det eit gjerde, som dei berre klatra over. Kanskje er dette den nye ekstremsporttrenden?