Bompengar i to år lenger på Sykkylvsbrua

Styret i Sykkylvsbrua har søkt om å få forlengje bompengeinnkrevjinga i inntil to år.

Sykkylvsbrua Mindre trafikkinntekter enn venta gjer at dei som køyrer brua må betale bompengar i opptil to år lenger enn først bestemt. 

Indre

Sykkylven formannskap tilrår samrøystes med åtte stemmer at dette bør dei få lov til.

Bakgrunnen er at bompengar i 15 år ikkje er nok til å betale heile lånet. Innkrevjinga tok til 20. desember 2000.

Kan forlengjast i fem år

Slik det ser ut i dag kan bompengeperioden vare ut 2017, men det er sagt frå om at dersom det har kome inn nok pengar før det har gått så lang tid, bør også innkrevjinga ta slutt før det har gått to nye år.

Bompengane skal betale 100 millionar 1997-kroner. Då Stortinget sa ja til Sykkylvsbrua og bompengar, godkjende dei også at bompengeperioden kan forlengjast med inntil fem år dersom det trengst.

Det er Vegdirektoratet som skal godkjenne forlenging. Taksten er 35 kroner for personbil og 105 kroner for lastebil.

Auka kostnader

Statens vegvesen opplyser at grunnen til at brua ikkje kan betalast på 15 år som lagt til grunn, er kostnadsauke i byggetida og dyrare innkrevjingsutgifter enn venta.

Rådmannen i Sykkylven skriv at selskapet fleire gonger har signalisert at nedbetalingstida er for kort.

Han gjev desse forklaringane på at selskapet treng meir inntekter:

  • Omlegginga av betalingssystemet har vorte dyrare enn venta.
  • Elbilane får køyre gratis.
  • Fleire køyrer Sørestrandsvegen for å sleppe å betale bompengar.
  • Den samla trafikken har vor emindre enn venta.

Sjølv om det er surt å måtte betale bompengar lenger enn først planlagt, så er Sykkylvsbrua viktig for heile kommunen, og det er ikkje anna å gjere enn i ta denne ekstra belastninga, meiner rådmannen.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre