Stordal vil ha fengsel

Sunnmøre treng nytt fengsel, Stordal treng nye arbeidsplassar. Difor bør det nye fengselet plasserast i Stordal.

Celler Hustad fengsel i Fræna er det største og mest moderne fengselet på Nordvestlandet. No vil Stordal også ha fengsel. FOTO: TERJE ENGÅS  Foto: TERJE ENGÅS

Eit fengsel vil bli fantastisk godt motteke i Stordal

Ordførar Charles Tøsse er Høgre-ordførar i Stordal. 

Indre

Det meiner ordførar Charles Tøsse (H) i Stordal, og slenger seg på debatten om nytt fengsel.

Han har med undring sett på eit bilete av det som kan bli det nye fengselet, – plassert ute i sjøen i Ålesund.

– Det treng ein ikkje å gjere her i Stordal. Vi har nok ledig areal på land til å huse eit fengsel, seier Tøsse.

Treng arbeid

Stordal kommune driv for tida med idémyldring for å få fram nye arbeidsplassar som kan erstatte nokre av dei fleire hundre som er forsvunne i møbelindustrien dei siste åra.

Målet er 75 nye arbeidsplassar. Og det er her ideen om å huse eit nytt fengsel har dukka opp:

– Det må då vere betre å leggje det inn hit, enn ute i sjøen i Ålesund? spør Tøsse – og har allereie svaret.

Hustad

– Stordal er kanskje litt langt unna sjukehus og flyplass?

– Nei, eigentleg ikkje. Det er ikkje så langt unna. Dessutan arbeider vi med å få på plass ein betre veg som vil gjere reisetida endå kortare. Eg ser også at Hustad fengsel i Fræna ligg eit stykke unna Molde, utan at det ser ut til å vere noko problem, legg Tøsse til.

– Korleis trur du eit fengsel vil bli teke i mot i Stordal?

– Det vil bli fantastisk godt motteke. Vi treng arbeidsplassar her, både offentlege og private. Så dette ville bety mykje for oss – ja, for heile regionen.

– Har du klar ei tiltenkt tomt til eit fengsel?

– Nei, eg har ikkje konkret tomt enno. Det er fleire område som er aktuelle i kommunen, svarer ordføraren.

Les fleire nyheiter frå indre Sunnmøre her

Til regionrådet

Han legg til at kommunen vil ta ideen om eit fengsel opp med Sunnmøre Regionråd.

– Vi har også fleire andre idear til korleis vi kan få fleire arbeidsplassar til Stordal. Men det får vi ta etter kvart, legg ordførar Charles Tøsse til.

Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd, seier at dei vil no leggje fram fengselsplanane for statsråden, utan å peike på plassering.

– Men etter kvart må vi ta stilling til kvar vi meiner det bør liggje, seier Aurdal.