Nytt håp for Storfjordsambandet

Hafast ligg lengst unna ei bru over Storfjorden.

Ulike bruløsninger har vært oppe i debatten. Her ei skisse av en hengebru for Storfjordsambandet som er tenkt bygd mellom Sykkylven-Skodje. Illustrasjon: Via Nova. 

Slik ser Hafast-kartet ut etter at regjeringa har bestemt seg. 

Vil gje full gass Petter Lyshol, ordførar i Sykkylven. 

Kva er det beste E39-alternativet?
Du må velge et alternativ
Indre

– Fefast ville ha kome nærare den planlagde brua over Storfjorden, og gjort det vanskelegare for oss. No kjem vi til å gje full gass i det vidare arbeidet for ei bru frå Sykkylven over Storfjorden. Det seier ordførar Petter Lyshol (H) i Sykkylven til smp.no.

Privat risiko

Storfjordsambandet sine folk var nyleg i Oslo for å snakke med ekspertar om moglegheitene for å få finansiert brua gjennom eit såkalla OPS-prosjekt.


E39-valg møtt med jubel hos næringslivet

– Jeg tror ingeniørene på søre vil sitte kvelder og netter for å finne teknologiske løsninger, sier en forventningsfull Nesvik.

OPS betyr at staten over fleire år, så mykje som 20 til 30 år, betalar private firma for å finansiere, byggje og vedlikehalde offentlige bygg eller vegar.

Dei private aktørane tek då på seg den økonomiske risikoen.

– Kortast gjennom Sykkylven

Petter Lyshol trur at mange som skal køyre gjennom distriktet på veg mellom nord og sør, heller vil ta strakaste vegen gjennom Sykkylven og ei bru over Storfjorden, enn å køyre ut til kysten via Hafast. Den kortaste vegen mellom nord og sør går gjennom Sykkylven, meiner han.


– Ei pen smørje av ting som skal på plass

Hafast-leder Kjell Sandli er forberedt på å være tålmodig i tida framover. – Konsulenten vår antyder 3-4 år på prosjektering og tre års bygging. Det er mye som skal på plass.

– Dessutan vil dei då unngå å måtte køyre gjennom sterkt trafikkerte Ålesund og Moa, fordi vi har ei løysing på nordsida av Storfjorden som betyr at vegen vil gå vidare i tunnel mot Digerneset, legg Lyshol til.

Han peikar også på at brua vil avløyse det ferjesambandet i Møre og Romsdal som i dag fraktar flest køyrety, Sykkylven-Magerholm. Her er det i dag to ferjer i sambandet.

Høg pris

– Ferjene går kvart 20 minutt, og det er også nattferje her. Er ikkje det meir enn bra nok?

– Ferjetilbodet er godt. Men fjorden er eit hinder i dag, også mentalt. Det opplever eg mellom anna i debatten om ny kommunestruktur. Skal vi greie å få utvikla Sykkylven på ein god måte, så må vi arbeide for å få ei bru her, slår Lyshol fast.


Solvik-Olsen: – Derfor ble Hafast valgt

Men samferdselsministeren vil ikke love friske penger til planlegging.

Ho blir imidlertid svært lang, og svært dyr. Brua på 2.300 meter vil koste rundt fem milliardar kroner.

– Det kjem stadig nye og betre tekniske løysingar. Og eg ser heller ikkje i dag tekniske hindringar med  få bygd brua. Brua over Storfjorden kjem til å bli eit flott landemerke, ein portal for alle skipa som skal til Geiranger, meiner Petter Lyshol.


  

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre