Laurdag kveld vart det observert ulv i Strandadalen, melder Sunnmøringen.

Denne gongen er observasjonen klassifisert som sikker, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt fellingsløyve i Stranda.

– Han har vore ute i heile natt, men har framleis ikkje sett noko, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda til Sunnmøringen.

Han legg ikkje skjul på at han vil ha ulven fjerna, og at dyret er ein trussel for sauene i området.

Veit du noko meir om saka? Har du bilde? Kontakt oss på 95400400 eller 95400400@smp.no.