– Verdas første elbilfestival

Laurdag kom ei kortesje på om lag 30 elbilar i kortesje over Trollstigen, og enda på Melchiorgarden i Norddal. 

Petter Haugneland frå Elbilforeininga snakka om elsyklar.  Foto: Anita Digernes

Indre

Elbilsamlinga i Melchiorgarden er del av årets Midtsommardagar i Norddalen.

Samtidig som arrangementet i Norddal har ein elbilfestival gått av stabelen i Åndalsnes. Verdas første, ifølgje reiselivssjef i Romsdalen, Hilde Bakke.

Følg smp.no på Facebook

Prøvekøyring

Det er elbilistar frå festivalen som laurdag kom til Norddal.


Opna midtsommardagene i fullsett kyrkje

Fredag kveld opna Jonas Alaska årets Midtsommardagar i Norddal. Saman med broren Thomas og kjærasten Billie Van sjarmerte han ei fullsett Norddal kyrkje.

Ladepunkt vart sett opp ved Trollstigen camping, i tillegg til at ein mobil ladar vart med på turen over Trollstigen. Distansen frå Åndalsnes frå Norddal er 67 kilometer.

Elbilfestivalen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk Elbilforening, samt fleire andre støttespelarar.

Slepp å bli svett 

Petter Haugneland frå Elbilforeininga er til stades for å fortelje om elsyklar, som dei også har tatt med til Norddalen.

– Med elsykkel kjem ein seg lenger, og ein slepp å bli så sliten og svett, fortel Haugneland. 

– Ein kan sykle på vanlege sykkelstiar og ein treng ikkje sertifikat.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Får prøve elbilar- og syklar

I Norddal blir det prøvekøyring av elbilar og elsyklar for dei som deltek på Midtsommardagane.

Haugneland seier at målet deira er å få flest mogeleg til å prøve. 

– Vi har med oss fleire hit i dag, så eg oppfordrar alle til å prøve, seier han. 

Haugneland sykla sjølv opp Trollstigen laurdag.

– Somme gjekk tom for straum på toppen. Men det går an å halde fram å sykle då, det blir berre litt tyngre, smiler han.

– Men eg er ikkje så svett, så det kan ikkje ha vore så gale.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre