50 kvalar på Stranda

Dei var på ingen måte stranda, dei mange kvalane som leika seg i Storfjorden torsdag føremiddag.

Det krydde av hval i Storfjorden rett utenfor Stranda sentrum torsdag morgen. Vil tro det er grindhval. Oberverte kanskje opp i rundt 50 stykker som var oppe samtidig over et større område.

Grindhvaler storfjorden v Stranda 24. juli 2014

Indre

Det krydde av kval  Storfjorden rett utfor Stranda sentrum i dag tidleg.

- Eg vil tru det er grindhval, fortel Kristian Mork, som filma dyra med mobiltelefonen sin.

Han observerte dei òg onsdag, og i fleire timar torsdag har dei leika seg i fjorden.

Mork meiner det kan ha vore kring 50 dyr som var oppe samstundes i eit større område. Han trur han veit kva som gjer fjorden så populær.

- Det seiast å vere mykje sild i fjorden, som grindkvalen forsyner seg av.

Grindkvalflokkane er typisk på alt mellom 10 og 200 dyr. Dei store delfinane er frå fire til seks meter og kan vege opp mot fire tonn.

Relaterte saker: