Ein bil hamna utfor fylkesveg 656 ved Slyngstad i Haram tidleg fredag. Ambulanse var på staden, men politiet på Sunnmøre opplyser at dei fekk melding om at det ikkje var personskade.

– Svært farleg forbikøyring

Ein bilist fortel til smp.no bilen hamna i grøfta etter å ha teke ei farleg forbikøyring.

– Eg heldt på å krasje med bilen som kom i motsett køyrefelt frå Brattvåg. Det var ei svært farleg forbikøyring, og eg fekk så vidt kasta bilen inn på sida, seier bilisten som etterpå melde frå til politiet om hendinga.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no

Ulukkesbilen hamna i grøfta på feil side av vegen. Sjåføren skal ha blitt teke med i ambulanse for legesjekk, men verka uskadd.

– Men dette var berre flaks. Eg skjelver enno, seier bilisten som møtte ulukkesbilen.

Politiet ikkje på staden

Fordi politiet fekk opplyst at det ikkje var personskade, rykka dei heller ikkje ut til staden.

– Det er førebels ikkje sett ressurser på dette. Om saka vil bli etterforska, eller nokon vil bli avhøyrt, kan eg ikkje svare på her og nå, seier operatøren ved politiet sin operasjonssentral i Ålesund.

Eit anna augevitne seier at det ikkje var spesielt glatt på strekninga, men det kan ofte vere glatte parti på staden på grunn av ei elv som går forbi.