Som leiar for planemnda for samferdsleutbygging vert det Frank Sve som skal leie delegasjonen som skal få Vegdirektoratet til å ombestemme seg om Nordøyvegen. Oppdraget går ut på å få vegbyråkratane til å revurdere sine konklusjonar knytt til tryggleiken ved sambandet.

Det trur Frank Sve at han skal klare.

– Vegdirektoratet har ikkje brukt matematikk, men teknikk. Det er for enkelt å seie nei berre ut frå at det er 10 prosent stigning i tunnelane, seier Frank Sve.

Kort tunnel - lite trafikk

Han meiner stigninga må sjåast i samanheng både med lengda og trafikken når tryggleiken skal vurderast.

– Risikoen knytt til ein lang tunnell med fem prosent stigning og 4.000 bilar i døgnet er større enn risikoen ved å køyre gjennom ein kort tunnell med ti grader stigning med ein trafikk 500- 600 bilar i døgnet, slik det handlar om når det gjeld Nordøyvegen, påpeikar han.

– Trur du ikkje at Vegdirektoratet har tenkt på dette?

– Det ser ikkje slik ut.

Det kan også gjerast avbøtande tiltak for å redusere risikoen, meiner Sve.

– Det kan mellom anna kome på tale å regulere tungtrafikken. Vi kan også justere ned til åtte prosent stigning, men eg trur det er lite aktuelt.

Overraska og forundra

Under møtet i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal onsdag var Vegdirektoratet sin stoppordre for Nordøyvegen det store samtaleemnet. Både politikarar og administrasjonen i Samferdsleavdelinga var svært overraska over brevet frå Vegdirektoratet om manglande sikkerheitsgodkjenning.

Politikarane var også forundra over at ingen hadde sett dette kome.

– Vi har trudd at sikkerheitsgodkjenninga var ein formalitet, seier leiaren for Samferdsleutvalet, Kristin Sørheim (Sp).