Han tek til i den nye stillinga 1. september. Heggdal avløyser Inger Johanne Ruset, som skal over i ny jobb i Oslo.Heggdal er 37 år, busett i Brattvåg, og har erfaring innanfor næringsliv, leiing og kultur.

– I tillegg til hans erfaring og kompetanse har vi lagt vekt på hans personlege eigenskapar og tankar om korleis føretaket skal drivast vidare. Vi ser fram til eit godt samarbeid og har tru på ei god framtid for kulturhuset vårt, skriv styreleiar Bjørn Sandnes i ei pressemelding.

Sandnes legg til at interessa for den ledige stillinga har vore stor og styret er godt nøgd med at Kjetil Heggdal har takka ja. Ingebrigt Davik-huset har i 10 år vore eit aktivt kulturhus i Haram kommune - fylt med musikk, film, teater, seminar og konferansar.

Les fleire nyheiter frå Nordre