Politiet på Sunnmøre melde natt til onsdag at ein garasje var overtent rett aust for Sjøholt sentrum.

Ingen personar skal ha kome til skade som følgje av brannen som blei meldt til politiet ved 02.55-tida.

Ifølgje politiet var det mykje røyk som dreiv vestover, og gjorde at til saman fire personar frå bustadhuset og nabohuset blei evakuert.

– Bebuarane har no fått beskjed om at dei kan flytte tilbake, opplyser politiet sin operasjonsleiar Borge Amdam til smp.no ved 06.30-tida.

Ifølgje politiet fekk bebuarane opphalde seg med slektningar i medan brannen pågjekk.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no

Brannen skal ha vore oppdaga tidleg, men det var ikkje muleg å berge sjølve bygget: – Eg har fått opplyst at berre murane står att, seier Amdam.

Brannvesenet dreiv tidleg onsdag ettersløkking på staden, men politiet opplyser at brannen blussa opp att i løpet av dagen. Politiet har planlagt å gjere tekniske undersøkingar på staden for å finne ut av brannårsaka.