Sandøy kommune skriv i ei pressemelding at dei er bekymra for resultata frå ei Ungdata-undersøking i haust, og har hatt dialogmøte på tvers av etatar.

Undersøkinga viser at fleire elevar på ungdomstrinnet opplever å bli mobba, samtidig som færre trivst på skulen og er nøgd med eiga helse. Undersøkinga viser óg at dei unge er meir sosiale på nettet og mindre på besøk med kvarandre, samanlikna med same undersøking i 2015.

Dei unge saknar ein møteplass , noko kommunen meiner har samanheng med at ungdomsklubben «Kvalen» har vore stengt ei periode – men no er opna igjen.

– Vi vil ta med oss resultata i dialog med foreldre og politikarar slik at vi kan skape ei felles forståing av utfordringsbilete og saman kome vidare i arbeidet med å auke trivsel og helse blant ungdommane i kommunen vår, heiter det i pressemeldinga frå kommunen.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no