Ein mista lappen og 17 fekk bøter i Ørskog

Trakka for hardt på gassen i Sjøholt sentrum.

Sjøholt sentrum. Arkivbilde 

Nordre

Utrykkingspolitiet stansa fleire bilistar som synda mot fartsgrensa på E39 gjennom Sjøholt sentrum tidleg måndag.

Ein bilist blei målt i 86 kilometer i 50-sona og fekk dermed førarkortet beslaglagt. 17 andre sjåførar fekk fartsbøter under kontrollen i morgontimane, ifølgje ei Twitter-melding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nordre