Skarpt skille på kommunegrensa på Vaksvikfjellet:

– Galskap, meiner innbyggjar – og no kan han bli bønhøyrd

– Snart ikkje køyrbar for anna enn traktor og ATV, meiner bebuar om vegen over Vaksvikfjellet på Ørskog-sida. No får politikarane saka på sitt bord.

Hit, men ikkje lengre – Galskap, meiner bebuar Hallgeir Bjørdal om situasjonen på kommunegrensa melllom Ørskog og Vestnes over Vaksvikfjellet - også kalla Kjersemfjellet. Vestnes har heldt ved like og nyleg asfaltert sin del av vegen, medan den på Ørskogsida er grusdekke og holete.   Foto: Privat

Nordre

Medan Vestnes kommune har lagt asfalt og stelt vegen fram til kommunegrensa mot Ørskog, har ikkje nabokommunen sett seg råd til å halde sin del av vegen i god stand. Hallgeir Bjørdal som bur på Ørskogsida av Vaksvikfjellet er oppgitt over tilstanden.