Reagerer på massiv legging av steintrapper på populære turruter i Midsund

Nok er nok, meiner Astrid Woll, og ser med blanda kjensler at enda ei favorittrute vert omgjort frå sti til steintrapp.

NOK ER NOK: Frå verandaen har Astrid Woll utsikt til favoritturen Kløvstein, som no vert steinlagt. – Det er unødvendig med lange, samanhengande steintrapper der det finst sti som er meir enn god nok, meiner Woll.   Foto: Anita Vingen/Romsdals Budstikke

Nordre

(Romsdals Budstikke): Frå verandaen har Astrid Woll utsikt rett over mot Kløvstien, ei turrute ho har brukt mykje. I det siste er også denne stien blitt trappelagt, som del av Midsund idrettslag si storsatsing på «sherpa-trapper». Som kjent er det lagt fjelltrapper til Digergubben og Rørsethornet, og i haust var ny trapp til Aksla ferdigstilt.