Hans Strøm skreiv at den første kyrkja som stod på Roaldhaugen, var «en liden uanseelig stavkyrkje» av tømmer.

I 1756 slo lynet ned i denne kyrkja og restane av bygget vart rive. Ei ny kyrkje vart reist der inventaret vart laga av Jakob Sørensen Giskegaard, meir kjend som «Tavle-Jakob».

Denne kyrkja vart brukt heilt til den nye kyrkja på Reset vart teken i bruk i 1894. Den gamle kyrkja på Roald vart ikkje halden ved like, og ho vart riven i 1896. Materialane og inventaret frå bygninga vart då delt mellom bøndene på Vigra.

Søndagsskule

Det er Roald søndagsskule som driv og eig det vakre bygget, som blir brukt nettopp til søndagsskule.

Arnt Roaldsnes som har vore leiar for søndagsskulen i ei årrekke fortel at Roald søndagsskule vart skipa i 1904 og då heldt dei til i kjellaren på Roald skule som ligg like nedanfor Kyrkjehaugen.

– Barnetalet auka kraftig på 1920-talet og dei måtte skaffe seg eit større hus. I 1925 vart det samla inn pengar til ny søndagsskule. Jacob Rørvik var søndagsskulelærar og eldsjel i dette arbeidet og folk gav rikeleg med pengar til å bygge nytt søndagsskulehus, seier Roaldsnes.

Bygginga

Arkitekt Øyvin Berg Grimnes i Ålesund teikna bygget og murmeister Heinrich Schmidt i Sykkylven fekk i oppdrag å sette opp råbygget til ein pris på 3.500 kroner. Bygdefolket viste stor dugnadsinnsats og reiste inn i fjordane og skaffa materialar til innreiinga.

Søndagsskulehuset har plass til rundt 100 personar, men på innviinga på Allhelgenssøndag i 1930 var 130 innanfor dørene.

– Lysekrona som heng i taket er laga av «Tavle-Jakob» og var kjøpt av sonen Brithanius Jakobsen på auksjon og gitt til Roald kyrkje. Lysekrona heng under eit bilde av englar som ålesundskunstnaren Jonas Peson har måla, fortel Roaldsnes.

Eit krav

Brithanius hadde eit krav og det var: «Jeg vilde gjerne sett den skulde henge på stedet hvor fars støv hviler». Tavle-Jakob ligg gravlagd på gravplassen ved kyrkja.

Annan kvar søndag samlast mange born til søndagsskule.

– Eg er glad for at nye krefter har teke over og vil drive arbeidet i det gamle kyrkjebygget vidare, seier Roaldsnes.