Åtte unge i alderen ti til tretten år har tre dagar i vinterferie-veka erobra halve Standalhytta på Standaleidet. Dei kjem frå fleire stader på Sunnmøre og er rista i hop av Friluftsrådet som er årviss arrangør.

Laget er toppa av dei to innleigde instruktørane Kristian Hanisch og Jan Vidar Øyen. Dei er begge profesjonelle naturgaidar, utdanna ved linja for natur og friluftsliv ved Høgskulen i Volda for nokre år sidan. Opplegget på Standaleidet ser dei på som ei kjærkomen pedagogisk avveksling, fortel Hanisch.

Inspirasjon og inspirasjon

– Ja, dette opplegget er veldig inspirerande. Og det er jo inspirasjon dette handlar om – å makte å formidle inspirasjon til desse unge som har meldt seg på.

– Det handlar om inspirasjon her og no, men det handlar også ikkje minst om å danne grunnlag for meir varige vanar kring friluftsliv og aktiv bruk av naturen, fortel Kristian Hanisch. Hytta får dei låne av Aalesunds Skiklubb.

Mest mogleg ute

I dette konseptet handlar det naturleg nok om å vere mest mogleg utandørs – minst mogleg inne på den varme og komfortable skihytta.

– Difor vart ei av dei viktigaste greiene å leite opp beste plassen- og grave ut eit par store snøholer. Sjølvsagt til å overnatte i.

– Dei har vore svært flinke til å grave, og det synte seg at dei var like flinke til å innrette seg og overnatte ute, konstaterer Hanisch nøgd. I til dels enorme snømengder rundt Standalhytta var det prima startpunktet for etablering av stabil snøhole berre fem meter frå hytteveggen.

Å te seg og kle seg i naturen

Opplegget går over tre heile dagar. Første dagen hadde utgangspunkt på Brudevolltunet, ved heimste enden av Follestaddalen i Ørsta. Der vart den teoretiske delen unnagjort, mellom anna innføring i allemannsretten i naturen.

– Neste teoripunkt var av det praktiske slaget, det handlar om korleis ein best kler seg og ter seg for å få gode opplevingar ute. Orientering er også eit svært viktig punkt på lista, fortel instruktøren.

Sats – utan atterhald

Så er det ikkje til å underslå at leiken i bakken har ei høg stjerne i ein slik gjeng. Her vert det nytta alt frå gode, gamaldagse ski og stavar, til snøbrett og breibrett og kva no aktørane måtte finne på. Finn på, det gjer dei. Og sats, det tek dei. Utan atterhald.

Og med Nordre og Søre Sætretind i kulisserekkja rett bak dei – snøen kvitare enn kvit – og himmelen så blå at ei kamerabildebrikke knapt greier å formidle det – har deltakarane dala rett ned i skiparadis her.

Å kunne stole på seg sjølv

– Det har vore kjempebra, slår Anna Aksnes frå Ulsteinvik fast.

– Kva var best då?

– Å få prøve å overnatte i snøhole.

– Og du stolte på at hola ikkje ville rase saman i løpet av natta?

– Så klart, vi har jo bygd ho sjølve! Vi har gått på kurs, og vi stolar på oss sjølve, slår tiåringen skråsikkert fast. I gutegjengen kring snøholene er det framleis trafikk ut og inn, og med graving av ekstra inn- og utgangar. Dei tenkjer nok slik som reven, at det er best med fleire utgangar. Men blir det også meir gjennomtrekk, vil vi tru?