– Allereie som smågut vart eg klar over døden som ligg på lur, såg dei store linene i livet og vart på eit vis sjølvbevisst. Eg laga mi eiga protestliste der det stod at ingen skulle få bestemme over meg. Det gjeld enno!

Sykkeltur: Roy A. Dahl som 3-åring tar seg ein tur på trehjulsykkelen heime i Langevåg.

Roy Andreas Dahl ser opp med eit skeivt smil, rettar ryggen der han sit i den målingsflekka sofaen i stova i målardelen av barndomsheimen sin i Langevåg. Der disponerer han første etasje til arbeidsrom og lagerplass til ferdige måleri som står stabla langs vegger i tjukke lag. Innpakka i bobleplast og gråpapir står dei klar til å bli frakta til Khåk kunsthall. Laurdag 9. juni opnar bildekunstnaren sommarutstillinga han kallar «Strøk».

Bildetekst: Dette er ein bildetekst som kan gå over tre linjer som her.

No fleire hundre måleri etter debuten i Gamle Notsal i 1987 er 60-åringen klar med nok ei separatutstilling. Ei utstilling han har dedikert til far sin, Rolf Magne, som døydde 22. januar i år 81 år gammal.

– Han var den viktigaste støttespelaren min. Far hjelpte meg gjennom svarte periodar i livet mitt, og han likte kunsten min, – støtta meg når eg tvilte på om eg stilmessig var på rett veg. Han gledde seg til utstillinga i Khåk, men får diverre ikkje oppleve den. Difor dedikerer eg utstillinga til han i takksemd over livet og støtta han har gitt meg, fortel bildekunstnaren.

Svekka høyrsel

Ei tøff nær døden-oppleving, og svekka høyrsel gjer at Roy A. Dahl ikkje minnest barne- og ungdomsskuleåra i Langevåg med glede.

– Eg høyrde lite av det lærarane sa, og dermed hadde vanskar med å henge med på skulen. Difor flykta eg inn i bildeverda, – der fann eg eit språk som vart mitt, fortel han som framleis slit med tinnitus og nedsett høyrsel.

– Det hemmar meg sosialt, for eg går nok glipp av mykje som blir sagt rundt meg. Fordi eg er redd for å bomme på temaet, er eg ikkje den som hiv meg inn i samtalar. Men er eg trygg på folk, og føler kjemien stemmer, er eg både open og ærleg, fortel han som til tider kan få eit utilnærmeleg drag over andletet, men og bli oppfatta som fritalande og med meiningars mot.

Svart periode

– Ei svart periode med partytid, rus og alkohol.

Slik omtalar Roy A. Dahl åra frå han var 18 til starten på 20-åra. Den tida var han elev på lina for tegning, form og farge ved Borgund vidaregåande skole der han hadde Einar Årø og Bjørn Brusdal som lærarar.

– Ei lykkeleg tid. Det var fantastisk å kom inn i eit kreativt miljø med flinke lærarar, fortel Dahl som så reiste til Oslo for å ta Westerdals skole for Grafisk Design. Der slutta han få månader før dei to skuleåra var slutt, og reiste heim til Langevåg for å kome på rett kjøl.

Stilig ungdom: Frå slutten av 1970-talet då Roy A. Dahl gjekk på formingslina ved Borgund videregående skole.

– I fem år tidleg på 1980-talet jobba eg i fiskeindustrien. Eg var i eit vakuum. All kreativiteten var borte, men så kom lysta til å måle gradvis tilbake, fortel han som ser på rusperioden som ein parentes i livet.

– I staden for å gå rundt å vere skamfull, gjeld det å våge og vise andre sider av meg sjølv, seier 60- åringen som på sin stillfarande måte set målariske spor etter seg.

I løpet av dei 31 åra som har gått sidan den første utstillinga i Spjelkavik, og året etter hos Birgitta Skårbrevik i Galleri K 16 i Ålesund, har Roy A. Dahl hatt ei rad separatutstillingar hos Aalesunds Kunstforening, Maerz i Molde, i Convexhuset i Ulsteinvik, årlege utstillingar Tjømes Kunstsalong i Oslo frå 1990 til 2012, og neste år står hans fjerde separatutstilling i Frogner-galleriet Arctandria på programmet. Dahl sine abstraherte landskapsmotiv og skildringar av personar i urbane miljø er og vist i London, New York og Berlin.

På tur: For å halde seg i form, og for å få tankane bort frå uferdige måleri, går 60-åringen dagleg tur rundt Vassetvatnet.

– Oslo er og har vore min viktigaste utstillingsstad. I hovudstaden sel bilda mine godt, – der er det mange som har fleire måleri av meg på veggene, seier han med eit tilfreds smil som går over i alvor når han kjem inn på heimkommunen. Han føler at bildekunsten ikkje blir løfta fram på lik line med anna kultur i Sula.

– Folket her er positive til meg, men mi heimebane er Ulsteinvik og Ålesund. Det er der eg føler at kunsten min blir verdsett. Hjartet og sjela min ligg på Ytre-Søre Sunnmøre, – nærmare bestemt Remøy der mor mi kjem frå. I dei traktene hentar eg mange av motiva mine. I Langevåg bur eg av praktiske og familiære omsyn, seier han som har delt hus og hushaldning med foreldra sine sidan han kom heim frå den svarte tida i Oslo.

Nær familie

– Vi er ei lita familie som tek vare på og hjelper kvarandre. Foreldra mine har i mange år slite med sjukdom, – far med hjarteproblem før han døydde, og mor som både er hjarte- og kolssjuk. Eg har alltid følt ansvar for å ta meg av dei, men eg er nok litt bortskjemd, seier han og vedgår at mor Irene fram til no har tatt seg av matlaging, og klesvask, medan søster Ingunn har hand om rekneskap og anna papirarbeid.

Familie: Her er Roy saman med foreldra sine Rolf Magne og Irene, og systera Ingunn. Bildet er tatt på 80-årsdagen til faren, som døydde i januar 2018.

– Eit paradoks at eg vaksne mannen bur heime, – eg ser det. Men denne buforma har gjort at eg har fått brukt tida mi til å lage bilde, fortel kunstnaren som over fleire år måla både natt og dag.

Så intenst jobba han med penslar, fargar på lerret at det til tider gjekk på helsa laust.

– Eg måla og måla. Fekk eg ein idé, måtte eg feste motivet til lerretet med det same. No taklar eg livets forstyrrelsar betre, – det at eg må køyre mor til legen, handle mat og utføre andre praktiske gjeremål. No kan eg hente fram idear og måle dei når eg har tid, forklarer han som då han bestemte meg for å satse på bildekunsten la opp ein langsiktig strategi som gjekk ut på å gradvis utvikle kunnskap om fargeval, motiv, struktur og penselstrøk.

– Det har vore ein lang og krevjande veg å gå, men eg føler at eg har utvikla meg i rett lei. Utstillinga i Khåk heiter «Strøk». Det er ein tittel som kjenneteiknar bilda mine. I kvart av dei er det strøk på strøk med fargar, – og kjensler.

Gradvis i prosessen har Roy A. Dahl blitt friare og røffare i penselføringa, og med gjennomført fargeval har han fått fram stemningsfulle landskapsmotiv.

I dei seinare åra har han og fått god respons på skildringane sine av menneske i svingande rørsler, og no er han spent på korleis hans nye digitale uttrykk blir tatt i mot av publikum.

– Desse bilda har eg teikna på data. Moro å prøve noko nytt, men blir det for mykje tekniske hjelpemiddel blir kunsten industri. Det er uinteressant for meg, slår han fast og rettar på eit databilde han har gitt tittelen «Stoltenbergs rose». Med det gir han til kjenne sin politiske ståstad.

Har si tru

– Stoltenberg viste seg som ein stor statsmann i måten han stod fram etter terroråtaket i Regjeringskvartalet og på Utøya. Om politikarar generelt vil eg seie at den farlege populismen vi ser særleg før val er lågmål. At enkelte let seg rive med til dømes når det gjeld framandfrykt er uforståeleg i eit opplyst samfunn, meiner Dahl som er personleg kristen.

– Eg trur på Gud, og går sporadisk både i kyrkja og i bedehuset. Men å gå rundt og predikere er ikkje min stil. Eg er ingen moralist, meir ein engel med skit på vingane som ikkje dømmer andre. Fundamentalistar som kontrollerer andre finst diverre i alle religionar. Eg vil ikkje vere ein av dei. Trongsynet som kan prege små samfunn klarer eg ikkje.

– Kvifor går du i bedehuset?

– Det gir meg ei slags tryggleik og openheit. Der kjenner eg meg akseptert som den eg er, og slepp å pynte på meg sjølv, seier han som når dagane i Langevåg blir langsame og timane blant penslar og målingstubar blir for mange, må han ha nye impulsar. Då reiser han til storbyar for å suge til seg synsinntrykk i pulserande gatemiljø, og fylle på med kunst og kultur.

Bil og fotball

Sjenert, omsorgsfull, snill, strukturert i arbeidet sitt, – særleg fram mot utstillingsopning. Men ein rotekopp og lite husleg i det daglege. Høyrer på råd og velmeint kritikk. Kan vere påståeleg, men ber om orsaking når han til tider går vel langt i sine ytringar. Opptatt av engelsk fotball, – særleg Manchester United, les mykje krim og anna litteratur, går sin daglege tur rundt Vassetvatnet for å halde seg i form, og er bilgal. Dette er sagt om Roy A. Dahl av vener.

– Ja, den oppramsinga er meg i eit nøtteskal. Eg lever eit nokså keisamt og asketisk liv, men eg er glad i livet og ber på ei indre glede, seier han som vedgår at jamlege storbyferiar er luksusen han unner seg.

– Og eg elskar å køyre bil! Eg hadde ein gong ein Saab 93, – den køyrde eg sønder og saman. No har eg ein standard Ford Focus, fortel han som drøymer om ein ny Saab.

– Når uroa kjem over meg, – og energien ikkje kan gå ut over eit lerret, – då set eg meg i bilen og køyrer av garde. Det er ikkje få turane eg har hatt ut på øyane og rundt om i bygda på Sunnmøre. På slike turar fotograferer eg og fangar inn motiv til nye måleri, og eg får tid til å filosofere og sette ting på plass. Slik lever eg for kunsten.

– Kva er det største du har opplevd som kunstnar til no?

– Responsen frå publikum, – utan den er det umogleg for meg å leve av kunsten, kjem det som ein siste velplasserte fargeklatt på eit ferdig bilde. – At mange har Dahl-måleri hengande i heimen sin, – det er stort!