– Sofaen er svensk og spisebordet er frå Slettvoll, vedgår han og inviterer inn i den lyse og trivelege heimen, der han bur saman med sambuar Irmelin Hove og dei tre barna deira Eskil, Silja og Lilly.

Gamle hus og teknologi

Det kvitmåla huset i Skodjevika blei i si tid bygd av bakar Kjersem i Ålesund og brukt som landstad. Seinare har det vore fleire eigarar, før Stian Ekornes restaurerte den herskaplege villaen og flytta inn i 2009. Det hundre år gamle huset er omkransa av ein stor plen og ligg fint til ved sjøen.

– Eg er glad i gamle hus og ny teknologi, seier han og ser utover plenen der tre robotklipparar gjer jobben han før brukte fire timar på.

Her i Skodjevika har seriegründeren og investoren heimekontor og styrer forretningane sine. Praktisk i ein hektisk kvardag, med aktive ungar som er med på fotball, tennis, speidar og taekwondo og skal køyrast hit og dit.

– Eg har alltid likt Skodje. Det er litt betre klima her inne enn i Ålesund. Det er ein fin plass, kort veg til flyplass og gode rammer for barn å vekse opp, seier Stian.

Sjølv vaks han opp i Sykkylven, som eldste son av møbelindustrimannen Jens Petter Ekornes.

No ligg det an til at møbelkonsernet som faren styrte i mange år, blir seld ut av landet, til Kina. Stian sit i Ekornes-styret som rår til å selje til kinesiske Qumei Home Furnishings Group.

Bygd stein for stein

Han og resten av styret har møtt eigaren fleire gonger og er overtydd om at salet vil sikre arbeidsplassane her i landet. Zhao Ruihai starta sjølv som gründer på 1980-talet, på jordgolv med plastikk for vindauga. Han har bygd stein for stein og har no 3–4000 tilsette.

– Han kjenner den skandinaviske bedriftskulturen godt og er fascinert av modellen med tilsette sin rett til innverknad, som er ein viktig suksessfaktor for Ekornes.

– Trur du far din ville støtta salet til Kina?

– Ja, heilt sikkert, og det meiner brørne mine, mor mi og store deler av familien også. For dei er tilsette og lokalsamfunnet vel så viktig som å få dei siste kronene ut av aksjane. Vi tenkjer selskapet sitt beste, seier han og er oppteken av at den kinesiske interessenten er ein industriell eigar som tenkjer langsiktig.

Han presiserer at Ekornes også i dag har gode og langsiktige eigarar, men at den kinesiske interessenten vil sikre vidare vekst. Han over 850 butikkar i Kina, og gjennom han vil Ekornes få tilgang til ein enorm marknad.

Lærte å jobbe

Stian har vakse opp med Ekornes. Onkelen til faren var grunnleggjar av Ekornes-fabrikken på Ikornnes.

– Som tiåring begynte eg å tre knappar til møblar. Farmor kom heim til oss, og vi sat fleire rundt om og tredde knappar. Vi la dei i ei skoøskje og fekk fem kroner øskja, minnest han.

Slik lærte han tidleg å arbeide og å tene pengar. Seinare blei det sommarjobbar på fabrikken.

Det mangla ikkje på kreative påfunn i oppveksten.

– Vi var ein god kameratgjeng og fann stort sett på noko heile tida.

Dei budde nær fabrikken, noko som ikkje var heilt ufarleg. Ein gong starta dei ein gaffeltruck og broren Joar, som i dag driv Mørelaft, blei klemt inn til vegen og hardt skadd, men berga til alt hell livet.

Ein annan gong gjekk det utruleg nok betre. Stian var berre fem år då han fekk start på traktoren på garden der dei budde ei tid. Med to småbrør som passasjerar, sette traktoren kursen nedover bakkane, gjennom ei hesje og kløyvde seg i ein bekk – alle kom uskadde frå det.

Som ungdom var Stian interessert i hestar, men fekk ikkje lov til å kjøpe eigen hest.

– Far min reiste til Amerika i tre veker. Då han kom heim, stod det ein hest knytt til rekkverket på huset i byggefeltet, smiler han og minnest mange fine turar med hesten han eigde i eit par år.

Det har alltid vore mykje møbeldiskusjonar i familien Ekornes. Etter at Stian blei styremedlem og stadig får børssensitiv informasjon, er det enkelte tema dei ikkje kan snakke om i familieselskapa.

Mora sit på Ekornes-aksjane etter faren, men elles er det berre Stian av søskena som har aksjar.

– Dei fleste trur aksjane mine er arv, men det er det ikkje, seier han og fortel at han investerte i Ekornes-aksjar etter at han selde seg ut av møbelhandel.

Gjennom holdingselskapet sitt eig han i dag 115.488 Ekornes-aksjar, ifølgje aksjonærregisteret. Om Kina-salet går i orden, kjem det inn nokre millionar på kontoen. Sjølv vil han ikkje snakke om pengar, men vi lurer på kva han vil bruke pengane til, om salet går i orden.

– Det blir reinvestert i lokalt næringsliv. Det er det mest interessante å investere i, seier han, utan å røpe planane nærare:

– Eg held på med noko heile tida, byggjer og sel ut. Nye ting er på gang, men det er ikkje noko eg kan snakke om no.

Opp gjennom åra har Stian vore engasjert i fleire forretningsbygg i Ålesund. No er han inne i eit par bygg, samt ei blokk på Åse, med 70–80 leilegheiter som blir pussa opp. Det siste han har investert i er buldrehallen i Breivika.

Var møbelhandlar

Stian Ekornes har vore i «Helgapraten» før, i 1995. Han var snart 32 år og frontmann for det nye kjøpesenteret Moagård, som seinare er seld til Olav Thon.

– Der stod det at du skulle slutte å røyke. Klarte du det?

– Eg slutta å daglegrøyke for 15 år sidan, men tek ein blås i godt lag, vedgår han.

Den gong kalla han seg helst møbelhandlar. Han var med å bygge opp Skeidar-kjeda til 42 butikkar rundt i landet. Som kjededirektør vekependla han til Oslo i tre-fire år.

– Om det hadde dukka opp ein interessant jobb i Oslo igjen, hadde eg ikkje teke jobben. No prioriterer eg bevisst meir tid saman med familien, seier familiefaren som har fem barn i alderen seks til 27 år.

Realiserte segldraumen

For eit par-tre år sidan fekk han kombinere familietid med ein gammal draum. Då la familien ut på ein elleve månader lang segltur.

– Eg har hatt ein draum om å segle langt sidan eg var 14–15 år. Far skulle ta meg med, men det vart aldri noko av. Så passerte eg 50 og diskutere draumen med ho eg bur saman med. Ho er ein sporty type og kunne tenke seg å bli med.

Også sambuaren er van med båt og har fritidsbåtsertifikat.

I 2015, etter eitt års planlegging starta turen med seglbåten «Elessis», som dei kjøpte i Frankrike.

Med ungar på fire, seks og åtte år la dei ut på havet. Først over Biscaya og deretter heilt over Atlanterhavet og til øyane i Karibia. Dei segla over 5000 nautiske mil. Og dei var 20 døgn til havs.

– Eg kjende på at det var litt skummelt. Det var langt for hjelp, og vi segla mange dagar utan å sjå nokon, fortel skipperen.

På reisa fekk dei testa grenser, både med å bu så tett over så lang tid og med dårleg vêr. Frå Lisboa til Porto Santo visste dei at det ville bli tøff seglas, men det blei verre enn varsla og sju meter høge bølgjer.

Alt gjekk heldigvis bra, også på resten av turen.

– Det var ei stor oppleving. Det var kjekt å få realisere noko som eg hadde tenkt på så lenge, og eg er glad for at vi fekk det til.

På tunet står det i dag ein stor bubil, som familien skaffa seg i fjor. Då køyrde dei både til Danmark og Sverige. I år har dei planar om å ta bubilen dit det er bra vêr.

– Ferien blir på ungane sine premissar, seier han og fortel om fotballcup i Sogn og landsleir for speidarar i Stjørdal.

Den aktive familien likar godt å gå på fjellet, både sommar og vinter. Høgdepunktet i vinter var 1393 meter høge Stolen i Stordal. Svigerfaren har hytte i Stordal. Mor Kari har hytte på Fjellsetra, som dei også kan bruke viss dei vil ha hytteliv.

– Eg har hatt to hytter på Bjorli, men etter at vi flytta hit er det meir enn nok eigedom å ta vare på, seier Stian som også har jakt som hobby.

Saman med faren var han i Østerdalen på rypejakt. Og det er blitt mykje hjortejakt både i Storlidalen, Todalen, Rodalen og Sykkylven. Reinsdyrjakt i Skjåk er det også blitt.

Frå Skodjevika til Stillehavet

Opp gjennom åra har det blitt mykje sjøliv. Det starta med den gamle skøyta «Kari» der faren hadde spikra køyer i lasterommet.

– Båten lak som ein sil. Ein gong vi var i Geiranger flotna dobøtta opp og velta utover der vi gutane sov. Det var vatn heilt opp til briskane.

Færingen som i dag ligg i naustet er meint for kortreiste turar på Skodjevika, men Stian drøymer om nye turar på store hav.

– Eg kan godt tenkte meg Stillehavet, men det ligg ti-femten år fram i tid – viss eg får behalde helsa.