Før jul sat slekta til Per Magnus Finnanger Sandsmark klar med pennen og skreiv små ringar over a-en på dei ferdigtrykte «til og fra»-lappane.

Akkurat som med Ivar Aasen var dei opptekne av detaljane i språket.

Familien Finnanger Sandsmark i Halden er i grunnen verdt ei masteroppgåve i norske dialektar.

Mamma Eirin kjem frå Surnadal og har nordmørsdialekt. Faren Geir Helge er frå Sandsmark i Dalane i Rogaland – og snakkar slik dei gjer der.

– Bård Gardar, bror min, snakkar brei østfolddialekt, medan eg snakkar mi dialekt. Den er påverka av at eg har flytta ein del – og av at eg skriv så mykje på nynorsk, seier Per Magnus, på det som mest av alt liknar på standardisert nynorsk.

Fire ulike talemål, altså. Men alle fire skriv både bokmål og nynorsk. Og det midt i Halden.

– Å vere nynorskbrukar i Halden, det var vel å be om trøbbel?

– Nei, det gjekk greitt. Vi var forresten innflyttarfamilie, så dei forventa vel ikkje meir.

– Det høyrest ut som foreldra dine er lærarar?

– Nei, mor er sjukepleiar, far er ingeniør. Men eg har besteforeldre som har vore lærarar.

– Apropos skule: «Spynorsk mordliste», var det nokon som skreiv det på ordbøkene sine på skulen der du gjekk?

– Nei, det kan eg ikkje hugse. Men det var mykje sidemålsmotstand. Mange i klassen min meinte nynorsk ikkje var noko å bruke tid på.

Det meinte derimot familien Finnanger Sandsmark. Dei to sønene brukte også nynorsk ved ulike høve.

– Eg hadde besteforeldre som var ivrige nynorskforkjemparar. Farmora mi tinga Norsk Barneblad til meg allereie frå eg var fire år. Etter at eg vart eldre, skifta ho over til å betale Dag og Tid-abonnementet mitt. Det er viktig at nokon dyttar på, slik ho gjorde.

– Og no blir du sjefsdyttar, som direktør for Nynorsk kultursentrum?

– Ja, det blir eg. Det einaste alle nynorskfolk har felles er språket. Og då må ein bruke det, heile tida og over alt.

Venstre-folk

Familien Finnanger Sandsmark er ikkje berre glad i nynorsk. Dei er også Venstre-folk. Alle fire har vore engasjerte i politiske verv.

– Du gjorde ikkje akkurat noko politisk opprør mot foreldra dine?

– Nei, og det hadde eg heller ikkje behov for. Eg vaks opp i ein liberal og tolerant heim.

– Men eg gjorde eit sjølvstendig val. Det var ikkje noko automatikk i at eg skulle hamne i Venstre. Som tenåring hadde eg lyst til å engasjere meg, og tinga valbrosjyrar frå alle parti. Desse las eg nøye, og fann ut at Venstre var det partiet som eg var mest einig med. I Nynorsk kultursentrum er eg sjølvsagt partipolitisk nøytral.

Berre 17 år gamal stod han på Venstre-lista til kommunevalet i Halden. Per Magnus vart varamedlem til kommunestyret.

Seinare balla det berre på seg. Han vart fylkesleiar for Unge Venstre i Østfold, og han vart 1.-kandidat for Venstre til stortingsvalet, men fekk ikkje nok røyster til å kome inn.

Men på Stortinget kom han likevel, som rådgjevar for Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Kva var det som fenga med Venstre?

– Først og fremst at dei er opptekne av toleranse, aksepterer ulikskap – og vil gje kvar enkelt fridom til å vere den ein er. Det er verdiar eg har med meg i alt eg gjer.

Sjølv er Per Magnus kjærast med høgskulelektoren Odd Helge. Utover det har han ikkje lyst til å snakke så mykje om legninga si:

– Det er ei utruleg lite viktig opplysning om meg, meiner han bestemt.

Sopp er sopp

Ei interessant opplysning om Ivar Aasen er iallfall at han var svært oppteken av planter.

Per Magnus er hekta på sopp. Men han påpeikar raskt at sopp ikkje er ei plante.

– Soppen har ikkje røter, og ikkje fotosyntese. Så sopp er sopp. Og svart trompetsopp er den som smakar aller best. Ja, den er utruleg god, anten du puttar den i ei suppe eller strør den på ei brødskive.

Så på fritida kan du møte på Per Magnus med soppkorga si, på jakt etter nye godbitar.

– Elles likar eg å lese, gå tur, spele brettspel – eller vere med på folkedans. Vi er ein gjeng som dansar saman på Bjørke.

Kultur har alltid vore livsnerven i livet til Per Magnus – ei interesse som verkeleg tok av då han gjekk på musikk, dans og drama på Halden vidaregåande skule.

– Allereie då var eg klar på at eg skulle arbeide med kultur i ein eller annan form.

Fleire år seinare, etter studiar i Oslo, Lillehammer og Bø, kunne han titulere seg som kulturvitar.

Olav H. Hauge

Per Magnus er lyrikk-elskar, og Olav H. Hauge er ein av favorittforfattarane. Då passa det som hand i hanske at han fekk jobb ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Her var han til han i fjor vinter vart redaktør av det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne i Ørsta.

Då var han endå yngre enn i dag.

– Å vere yngst er den einaste eigenskapen eg veit at eg kjem til å vekse av meg.

– Er du det ein kallar for ein broiler?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Eg har fullført utdanninga mi, har hatt lønna arbeid – og skaffa meg erfaring. Rett nok har eg gjort mykje på kort tid, men det skuldast at eg har vore heldig, og hatt folk som har løfta meg fram.

Trekka til ein typisk strevar har han heller ikkje. Mellom anna er Per Magnus oppteken av å vere der for andre, ikkje berre tenke på seg sjølv.

Det har til dømes bebuarane ved sjukeheimen i Volda stor glede av:

– Eg er jamleg på sjukeheimen for å lese. Då samlast dei på ei stove og høyrer på når eg les lyrikk, forteljingar eller andre korte tekstar.

– Var dette noko du vart oppfordra til å gjere?

– Nei, eg kom på det sjølv. Eg synest det er triveleg å kunne vere til glede for andre med denne lesinga. Eg er iallfall blitt teken godt imot på heimen.

Sjølv føler han seg heime på Vestlandet. Millom bakkar og berg utmed havet, som Ivar Aasen kalla det.

– Eg trivst med ikkje å bu i Oslo. Ulvik, Ørsta og Volda er langt å føretrekke. Eg har ei bestemor frå Stryn, ei tante som bur i Brattvåg – og ein son til eit søskenbarn er fotballspelar på Brattvåg sitt A-lag.

Per Magnus har røter også endå lenger vest. Oldemora kom frå Island. Så der har han vore fleire gonger. Det har han også vore på Færøyane. Han elskar Færøyane.

Han likar også tog. Men togforkjemparen Per Magnus har dårlege kår på Sunnmøre. Eit lokaltog mellom Ørsta og Volda hadde vore midt i blinken for han, som ikkje har prioritert å skaffe seg førarkort, og difor sit på sykkel, skuter eller buss når han skal pendle mellom jobben i Ørsta og leilegheita i Volda.

Harry-turar

Broren Bård Gardar er i desse dagar ferdig med reseptarutdanninga si i Namsos, og flyttar nok heim att til Halden-området.

Per Magnus har ingen slike flytteplanar, men besøker byen ved svenskegrensa no og då.

– Saknar du ikkje harry-turane til Sverige?

– Nei, eg dreiv ikkje noko særleg med det då eg budde der.

– Så du var heller ikkje ein av dei mange ungdomane som burna rundt i Strømstad skjærtorsdagane?

– Nei. Kvar påske sat familien vår på Nordmøre og såg tv-krim. Så Strømstad-turane i påska har eg aldri vore med på.

Det er ikkje før 1. november at han tek over direktørstolen til Ottar Grepstad.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum har 20 fast tilsette, og hovudsete i Hovdebygda i Ørsta. Dei driv i dag tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og ni andre nettstader i tre fylke.

Det er dette digitale leksikonet, Allkunne, Per Magnus er redaktør for i dag.

Her finn ein over 25.000 artiklar om ulike emne, og Allkunne har årleg rundt 200.000 unike brukarar.

– Kven gjer seg nytte av Allkunne?

– Det er mange ulike brukargrupper. Men skuleelevar er nok den største. Her søkjer dei om alt frå Ivar Aasen til platonisk kjærleik, smiler leksikonredaktøren.

– Les du alt som blir lagt ut?

– Ja, som redaktør må eg jo det. På den måten lærer eg også noko nytt heile tida – om alt mogeleg.

Ingen skal påstå at redaktøren favoriserer Halden, iallfall. Det einaste som står om Halden i Allkunne er fem liner om Halden-reaktoren.

Og meir blir det vel ikkje med det første. For snart blir det sommarferie også på Per Magnus. Som vanleg reknar han med at det blir ein tur til Sandsmark i Dalane.

Då han var liten tok foreldra han og broren med på turar med seglbåten. Dei sigla både til Sverige og Danmark, men også til Rogaland. Per Magnus vart sjeldan sjøsjuk, men det hadde vel heller ikkje tatt seg ut – med sjørøvarflagg i masta.