Tida lækjar alle sår, seier Kirsten Tisthamar i Utvik ved Nordfjorden. Gravemaskinar har jobba sidan gigaflaumen 24. juli i fjor. Skadane er langt på veg reparerte, og elvene bygd om.

Det luktar nylagt asfalt hos Kirsten og mannen Kjell. Gjørma som stod opp etter kjøkkenvindauget. Vatnet som fossa inn dørene. At dei flykta ned i eit av utleigehusa sine. Historiene vil gå i arv i generasjonar.

Takstmannen var nyleg på besøk, og sa at ting ser veldig bra ut.

– Første gong takstmannen var på besøk, følte han seg litt som psykolog fekk eg vite, fortel Kjell.

Idyll: – Det var eit sjokk, vi visste ikkje kva vi skulle seie til kvarandre og sa lite, mimrar Kjell Tisthamar. No er det lite som minner om krise i hagen ved den nybygde plattingen.

Han og Kirsten var heldige i uhellet, livet har falt på plass att slik det var. Det gjeld ikkje alle i bygda.

Flyktningar i eigen bygd

– Alt er i det blå, seier Per Inge Verlo.

Han og kona Sølvi leigar bustad hos Kirsten og Kjell. Dei kan nemleg ikkje flytte tilbake til sin eigen heim. No er alle samla på verandaen hos Tisthamar. Fjordutsikta kunne utan tvil ha vore motiv på eit postkort.

– Flaumen har gjort at vi har fått veldig kjekke naboar, seier Kirsten med eit smil.

– Å vere leigetakar er no veldig greitt, det er det minst problematiske, seier Per Inge.

Den uavklarte busituasjonen er belastande for han og Sølvi. Per Inge fortel oppgitt at dei var i gang med å restaurere det hardt skadde huset deira. Få det sånn som det var før flaumen, då livet var på plass.

Entreprenøren hadde jobba i tre veker då Verlo vart kalla inn til møte med Stryn kommune, Statens vegvesen og NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat).

Det vart klart at huset ikkje kan stå der det står, grunna den nye brua som skal byggast i sentrum. Arbeidet måtte brått stansast. Brua skal hevast og vegen både hevast og utvidast. Det vil truleg i tillegg kome ein gang og sykkelveg. Huset er ikkje egna til å flyttast. Tida går.

Storelva er framleis i endring. Gravemaskinførarane har jobba i Utvik gjennom heile året. Dei sørger for at ein flaum aldri kan utarte til den same naturkatastrofen i framtida.

– Alt flyt, vi har ingen tal, dato eller namn. Det er denne uvissa som er det verste, seier Sølvi stille.

– Men det er jo eit alternativ å bygge eit nytt hus, lenger bak på tomta, legg ho til.

– Ja, men per no har NVE planlagt ein sikringsvoll på bakre del av eigedomen, svarar Per Inge.

– Eigentleg må vi avslutte å bruke energi på dette huset, og heller sjå kva anna vi kan få til. Ein går seg tom. Vi må kople det ut, synest han.

Samstundes håpar dei at sikringsvollane vert lagt langs elva i staden.

Når Utvik no vert gjenreist, vert bygda rusta til å takle nye flaumar. Dette kan altså kan få konsekvensar for Per Inge og Sølvi, då nyvegen kjem i konflikt med tomta på framsida, og flaumsikring med baksida.

Den sårbare nabobygda

Ekteparet Verlo flytta inn i utleigehuset i månadsskiftet mai/juni. Før det budde dei i nabobygda Innvik, som på alle måtar liknar på Utvik.

– Det som skjedde her, kan skje der også, seier Per Inge.

Sven Flo (H), ordførar i Stryn kommune, seiar på telefon at han er opptatt av førebyggande tiltak, både med på tanke samfunnsøkonomi og det menneskelege aspektet:

–No lever mange med frykt. Innvik er ein av stadene vi har meldt inn til NVE.

Flo meiner NVE har avgrensa med ressursar og at ting derfor tar litt tid.

– Det var det vi opplevde i Utvik også. Det var planlagt tiltak på hausten, men så kom flaumen i forkjøpet.

Flo bekreftar at Verlo er blant dei som har størst utfordringar i Utvik når det gjeld bustad.

– Eg sitt ikkje med nokon avklaring på problemet no.

Bærdronninga

Wenche Bruland sel svære bringebær ved hovudvegen. Ein del bringebærbuskar bukka under, men mange klarte seg.

Wenche Bruland og naboane har fått ny veg. Løpet i Brulandselva er, som mykje av Utvik-samfunnet, reparert og forsterka etter flaumen.

Ho er mor til utanrikskorrespondent i NRK, Roger Sevrin Bruland som nyleg dekte ein annan nyheit som hadde med farleg vatn å gjere: grottedramaet i Thailand.

Roger Sevrin kunne ikkje rapportere frå flaumen som råka bygda han vaks opp i som vanleg reporter, men skreiv om opplevingane i eg-form i etterkant:

«Mor mi ringde meg og sa ho var heilt rådlaus (…). Ho fortalde at det var eit djevelsk torever ute. Ho fekk ti tyske turistar ramlande inn, som så vidt hadde klart å berge seg ut av hytta si.».

Her ser vi korleis brua i sentrum vart smadra av vasskreftene. Det kvite huset midt i bildet er bustaden som Per Inge og Sølvi Verlo ikkje kan flytte tilbake til. arkiv

Dugnadsånd herska i bygda, folk hjelpte kvarandre. Ein kar, som ikkje vil ha merksemd, stilte opp på flekken med eigen gravemaskin. Men jordbærplantane var det ingen som kunne redde. Dei vart skylt på sjøen. Berre blankskurt berg stod att etter dei.

– Flaumen øydela for 3,3 millionar, berre på jordet, seier ho.

– Regnet var som det kraftigaste monsunregn. Det var faktisk litt interessant å oppleve òg.

Oppe ved Skaveggane, ein fjellrygg bak bygda, fråda ein foss som etter det folk fortel var mellom 50 og 100 meter breidd.

– Hadde det ikkje vore for forsikringspengane, hadde det ikkje vore vits i å bygge opp igjen, seier Wenche.

Ho slår fast at Nordfjord er eit ypparleg frukt- og bærdistrikt. Og ny jord er det for lengst vorte råd med. Det fekk dei av Nordfjord kjøtt då storbedrifta utvida.

– Det er mykje vanskelegare å drive med jordbær, enn bringebær som det er overflod av. Det er lite jordbær i distriktet.

Skal dei få full erstatning frå forsikringsselskapet, må dei uansett sette nye jordbærplanter, fortel ho.

Varslaren

Oddbjørn Bruland har hytte i heimbygda, og var der då det skjedde i fjor. Han er ikkje i nær slekt med Wenche og Roger Sevrin. Derimot er han professor i hydrologi ved NTNU i Trondheim, og vart kjent gjennom riksmedia som eksperten som hadde varsla NVE om flaumfaren i Utvik, før det gjekk gale.

Ein time tok det. Plutseleg var hyttetomta til hydrolog Oddbjørn Bruland fullstendig oversumt av gjørme og vatn, og bombardert av tre og husrestar. I år på omtrent same tida er det nok hakket lettare å kople av i ferien.

Han nyt ein sein frukost saman med kona, søstera og svogeren, på nylagt plen.

Hytta står på steinfundament som slepp vatn gjennom. Det vart eigentleg bygd slik med tanke på springflod. Hytta vart skadd, men er no i god forfatning. Og eigaren har fått plaster på såret:

– Hagen går fem meter lenger ut i sjøen enn før.

Hydrologen meiner det kunne ha enda mykje verre.

– Det som er så skummelt, er kor fort det går. Ei høne døde, men ingen menneske vart skadd. Hadde dette skjedd på natta, og vatnet gått litt annleis, kunne det fort gått hus. Kva hadde skjedd då?

Storelva: Hydrologen er opptatt av bruene oppe i Storelva blir bygga utan pilarar som kan stenge for vatnet som då byggjer seg opp. Under flaumen sette det seg til dømes fast ein snøplog.

Regionssjef i NVE, Brigt Samdal, seier på telefon at meldingane frå Bruland vart følgde opp. Tiltak var, som ordføraren seier, planlagt.

– Mange stader på Vestlandet er flaumutsett, og ingen kan fullt ut føresjå det som skjedde i Utvik.

Han bekreftar at tiltak i Innvik og andre stader i regionen vår vil kome, men kan ikkje seie når.

Sølvi og Per Inge Verlo (øvst) leigar hus av Kjell og Kirsten Tisthamar. Til høgre nedst står sonen Tore Tisthamar. Foto: Nils Harald Ånstad

Spør etter ansvarsperson

– Det er heilt forandra her no, slår Oddbjørn fast.

Med fagleg entusiasme lysande ut auga, greier han ut om flaumbanar som møter kvarandre, kritiske punkt som er fjerna og areal som fungerer som basseng.

Mannen varsla NVE om farane i samband med ein mindre flaum i august 2016. Kanskje kunne tiltak vore gjort før ekstremflaumen i 2017.

– Det er eit kjempestort problem at det er mange etatar inne i biletet, med kvar sine avgrensa oppgåve, seier han.

Både NVE, Statens vegvesen, Stryn kommune og grunneigarane har eit ord med i laget.

– Eg har påpeika det mange gonger: Ein burde ha ein sikkerheitsansvarleg for vassdraga.

Hydrologen viser til at alle som eig dammar, til dømes kraftselskap, pliktar å ha ein vassdragsteknisk ansvarleg, som har oversikt over mogeleg risiko.

– Stryn og Gloppen kunne hatt ein sånn person i fellesskap, som var inne og vurderte potensielle problem i våre vassdrag.

– Ny skattlegging på folket

Oddbjørn Bruland har vore i nær kontakt med forsikringsbransjen både gjennom

sitt virke som hydrolog og som privatperson.

Oddbjørn Bruland er glad for at Utvik no blir ein trygg stad. Samstundes er han uroa for at dei same kan skje andre stader, til dømes i Innvik.

– Det er jo snakk om ein million i erstatning berre hos oss. Det hadde kosta så mykje mindre å gjere noko med dei kritiske punkta, i forkant.

Han fortel at responsen frå forsikringsbransjen er at «no må vi kanskje auke prisane med ein prosent, slik at vi får nok pengar i fondet vårt til å betale».

– Det er eigentleg ein enkel fluktveg dette, ein ny skattlegging på det norske folk. I staden burde samfunnet vere føre-var.

Oddbjørn spør retorisk om det kanskje er litt sånn samfunnet vårt er, at vi tar konsekvensane når dei kjem.

Forventar årlege storflaumar

Han synest på den andre sida det er bra at NVE har gått ut til kommunane og sagt at dei kan få 200.000 kroner for å kartlegge kritiske punkt i vassdrag.

– Det er veldig lurt, då kan vi bruke pengane der dei har størst effekt.

Han har tidlegare jobba mykje med vasskraft, men no dreiar det seg stadig meir om å kartlegge konsekvensane av klimaendringar.

– At vi årleg får ein eller to storflaumar på Vestlandet verte noko vi kan forvente oss i åra framover.

Wenche og familien hadde to naust. No har dei førebels eitt. Wenche tar på reisverket av kvalitetstømmer frå 1700-talet, som framleis stod då regnet letta. Det var ifølgje Wenche dei eldste bygga som klarte seg best både ved fjøra og på garden.

Her var det festlokale, sonen hadde nettopp arrangert 40-årslag. Berre nokre veker etterpå var det tradisjonsrike lokalet smadra.

– Så verte her vel pub igjen, seier ho håpefullt.

– Og ny veg er her, og alt er fint, kvitrar ho muntert.

Med 200–300 år gamalt virke, skal det bli pub igjen ved fjorden. Fisket er det litt verre med. Slam frå flaumen dekte fjordbotnen. Men ikkje berre den ynda flyndra er borte i år – det er brennmanetene også.

I Utvik føler folk seg trygge no. Men kva med andre liknande stader, som til dømes nabobygda Innvik, som ligg der akkurat som før?

Wenche fortel at dei ikkje såg på elva si som farleg der borte i Innvik tidlegare, men at mentaliteten har endra seg. Det same har Oddbjørn merka seg.

Provisorisk: NTNU-professor og utvikling Oddbjørn Bruland, står her ved den mellombelse brua som erstatta vrakrestane til venstre.

Folk har kanskje fått med seg det han og andre fagfolk seier: at ekstremflaumane vil slå til hyppigare framover.