Tre damer står på eit kjøkken og diskuterer høglydt på engelsk rundt eit bilete som ei av dei har tatt. Ungar spring rundt og leikar, både inne og ute, i det fine sommarvêret.

Idyll: Dei tre damene nyt det fine sommarvêret i Ervik saman med borna. Frå venstre: Helle Frogner med Leah Monsen på fanget, Sara Frogner, Camilla Monsen med Joel Monsen på fanget, Maria Frogner og Lindsey Bundschuh med Lily Jonsson på fanget.

Vi har teke turen til Ervika i Sogn og Fjordane, der det ikkje bur meir enn om lag 70 personar. Med hardt og uføreseieleg vêr er det å velje å bu på ein slik plass noko for dei spesielt interesserte. Men her har altså fire damer med lidenskap for fotografering funne kvarandre. Helle Frogner fortel at ho nettopp har kome heim frå ein fotojobb i Canada saman med Lindsey Bundschuh.

– Det er eigentleg litt morosamt. Den yngste av oss er 22 år gammal og eg er i 40-åra. I tillegg kjem vi frå heilt forskjellige plassar og ingen av oss kjente kvarandre før vi flytta hit. Og no reiser vi på fotooppdrag saman og hjelper kvarandre med bileta.

Venninnegjeng

Helle flytta til Ervika for om lag åtte år sidan saman med mannen sin Jon og tre born. Sidan er familien utvida med vesle Sara. Avgjerda om å flytte blei tatt etter at dei hadde vore på ferie der sju år på rad.

– Eg vurderte å flytte til New York, men då vi reiste på ferie til Ervika for sjuande gong skjønte vi at det var noko spesielt med plassen, fortel ho. Omkransa av fjell, heilt ytst på Stadlandet, med ei lang sandstrand og til tider hardt vêr gjer at Ervika gjer inntrykk på dei aller fleste som er innom.

Travelt: For tida har Camilla Monsen nok å gjere med husbygging og vesle Joel på seks månadar. Her saman med Helle Frogner (t.v.).

Bygda er også eit ynda surfemål.

Det var gjennom surfinga at Helle blei kjend med Camilla Monsen, som etter kvart også bestemte seg for å slå seg ned i bygda.

– Eg hugsar at eg var veldig glad for å flytte hit. Men eg var også bekymra for om eg kom til å finne nokre nære venninner her, seier Helle. Men no er altså venninnegjengen, beståande av Helle Frogner, Camilla Monsen, Lindsey Bundschuh og Naomi Dalsbø Valderøy, så samansveisa som ein kan bli.

– Vi sit ofte saman og jobbar. På den måten kan vi gi kvarandre konstruktiv kritikk og hjelpe kvarandre opp og fram, fortel Helle. Camilla er einig og understrekar kor spesielt arbeidsforholdet deira er.

Tidleg krøkast: Også dottera til Helle, Sara har begynt å oppdage gleda med fotografering.

– Vi får vere med kvarandre på ulike fotojobbar. Slik kan vi danne nettverk og opparbeide oss ei solid portefølje. Det er veldig motiverande å arbeide slik. Og det er ikkje vanleg å få vere med på andre fotografar sine jobbar, seier Camilla, som er utdanna grafisk designar.

Enda opp i Ervika

Etter fleire år med surfing rundt omkring på Stadlandet enda også Camilla opp i Ervika. Ho har sonen Joel på seks månader og dottera Leah som blir to år i august med mannen Lars. Sistnemnde er ofte gjenstand for ein del artige telefonsamtalar.

– Ja seinast for eit par dagar sidan ringde ei lita jente og lurte på om det verkeleg var sjølvaste Lars Monsen, fortel Camilla og ler. Men for ordens skuld, nei, det er ikkje snakk om villmarksmannen som har fleire tv-program.

Aleine i Lofoten

Når Sunnmørsposten er på besøk i Ervika er ikkje Naomi heime. Men Camilla fortel gjerne korleis også ho blei drege med i dragsuget.

– Eg møtte Naomi på ein surfetur i Lofoten. Då var ho berre 17 år gammal og hadde reist heilt aleine. Ho hadde aldri surfa før, men hadde høyrt at i Lofoten var det fine bølgjer, fortel Camilla og ler mens ho mimrar tilbake.

Leikekameratar: Det er ikkje mangel på andre born å leike med. Her frå venstre: Sara Frogner, Maria Frogner, Leah Monsen og Lily Jonsson.

– Etter den turen ringde ho meg og lurte på om ho kunne bu med meg mens ho surfa. Til slutt enda ho opp med å bu med meg i eitt år. Ho slutta på vidaregåande og tok siste året som privatist medan ho surfa.

Camilla fortel at Naomi ikkje hadde planar om å slå seg ned i Ervika for godt.

– Men så møtte ho bondesonen Daniel Dalsbø. Etter to år gifta dei seg og no skal Daniel ta over gardsdrifta til far sin her. Så då enda ho opp som resten av oss, fortel Camilla.

Langvegs frå

Nokon som har reist litt lenger enn frå Austlandet er Lindsey. Ho er opphavleg frå Canada og mykje av grunnen til at praten skiftar fram og tilbake mellom engelsk og norsk i venninnegjengen. Lindsey og tvillingsystera Rebecca har eit firma saman og har teke bilete for mellom anna Volcom, Billabong og Bik Bok. Lindsey har i mange år budd både i Canada og på Stad, men bestemte seg nyleg for å slå seg til ro i Ervika saman med kjærasten Mads Jonsson og dottera si Lily (2).

– Så lenge eg kan fortsette å reise, går det bra å bu på ein slik plass, seier ho. Men i byrjinga var det ei omstilling for Lindsey.

– Eg var ikkje heilt nøgd med å flytte hit. I Canada var eg vand til å ha alt eg trengde i nærleiken. For eksempel klesbutikkar, matbutikkar og liknande. Det å skulle køyre ein time med bil for å kjøpe seg ei flaske vin, det var ei omstilling, seier ho for å illustrere.

– Men ein blir vand til det etter kvart,

Workshop

Nyleg har Lindsey også starta eit nytt prosjekt, som alle i venninnegjengen er involvert i. Nemleg noko dei kallar «Nordic retreat».

Det blei for første gong arrangert i Hoddevik i mai i år. Då var dei totalt 27 personar.

– Antall fastbuande i Hoddevik er 25, så det var litt morosamt, fortel Lindsey og forklarar kva «Nordic retreat» er.

Arbeidsplass: Dei fire damene er ofte på besøk med kvarandre for å jobbe med bilete eller andre ting. Dei ynskjer seg no ein låve eller liknande som kan fungere som kombinert studio og arbeidsplass. Det er likevel ikkje så galen utsikt frå kjøkkenet til Helle når dei sit der og jobbar.

– Det er ein workshop for fotografar. Vi hyrar inn modellar, og sørgar for lokasjonar og alt slik at dei som er med kan byggje opp ei portefølje. I utgangspunktet skal det vere mogeleg å ikkje ha eit einaste bilete på førehand, og ende opp med ei heil portefølje når arrangementet er ferdig, seier ho.

Lindsey fortel at draumen hennar er at det skal bli eit internasjonalt arrangement og allereie i november reiser dei til Mexico for å gjenta suksessen.

Lokalt

Lindsey er likevel klar på at «Nordic retreat» skal fortsette å ha det lokale innslaget.

– Vi kjem til å fly inn dei same folka som var med på å arrangere det her. Vi planlegg for eksempel å bruke den same sminkøren og stylisten i Mexico som vi brukte i Hoddevik. Sjølv om Lindsey håpar at det vil bli eit internasjonalt arrangement seier ho at basen kjem til å vere i Ervika.

Fleire prosjekt

Men «Nordic retreat» er ikkje det einaste prosjektet venninnegjengen driv på med. Mellom anna laga dei ny nettside, ny logo og plakatar til Selje kloster. Dei håpar også å kunne gjere om ein låve til eit kombinert studio og arbeidsrom.

– Akkurat no sit vi berre og jobbar heime med kvarandre. Det er veldig koseleg, men det hadde vore kjekt å ha ordentlege arbeidslokale, fortel Helle. Tidlegare hadde dei eit lokale i Leikanger der dei brukte å arbeide.

– Men der blei det så kaldt etter kvart at vi ikkje kunne sitte der, seier ho. I tillegg hadde Helle og Camilla kafé oppe i låven sin for to år sidan.

– Det blei ein suksess. Det er tydeleg at dette er noko folk her i bygda setter pris på, seier ho. Men då taket på låven byrja å lekke i fjor blei kafédrifta midlertidig avvikla.

– Eg har lyst å fortsette med det, men det tek mykje tid og arbeid. Akkurat no har eg ikkje tid til det.

Vil bli verande

Det er ingen tvil om at venninnene trivst i kvarandre sitt selskap. Men dei er også klare på at bygda er ein stor grunn til at dei trivst så godt der.

– Mange pratar om surfemiljøet og kor inkluderande det er. Noko som for så vidt stemmer. Men det er måten ein blir tatt imot av innbyggjarane i bygda som gjer at eg har det så fint her. I nokre bygder snakkar ein om bygdedyret. Det finst ikkje her, fortel Helle.

– Det einaste kjipe med å bu her er at vi bur langt unna resten av familien, legg Camilla til. Damene fortel og at det verkar som ungane trivst godt med å vekse opp på ein slik plass.

– Det er ein fridom ved det å berre kunne ha dørene opne og la ungane springe rundt ute og leike. Her er det sjeldan ein låser dører og alle kjenner alle, fortel Helle. Camilla kjem med eit eksempel.

– Ein av naboane våre her reiste frå huset med døra open. Og då meiner eg ikkje berre at han ikkje låste. Han lét døra stå på vidt gap då han skulle vere vekke i fleire dagar!

Kvalitet over kvantitet

Litt verre kan det kanskje vere å vere tenåring på ein så liten plass?

Helle sin eldste son Gabriel har no flytta for å gå på skule, men er heime på besøk nesten kvar helg.