– Så lenge dei har vatn, kan dei jo berre gå på fjellet, seier Emelie.

Ho veit kva ho snakkar om. Omgrepet «fjellgeit» strekk ikkje på langt nær til for å beskrive løparen.

Knuste norsk mann

Den siste bragda var å sette ny rekord på Kungsleden, ein 450 kilometer lang sti gjennom svensk Lappland. Det klarte svensken på 4 dagar og 21 timar og knuste dermed norske Sondre Amdahl sin rekord med 30 timar.

Emelie går roleg rundt i hagen, stryk handa over nokre av salat- typane veksande ved sida av gresskar, gulrot, «potatis», og rødbeter. Det er her ho restituerer best. Framleis er ho småsliten i kroppen, ti dagar etter at ho fullførte Kungs- leden. Kva er eigentleg vitsen i å plage seg sjølv opp og ned fjell, kvifor balansere på brestepunktet av kva kroppen kan handtere, time etter time, til og med dag etter dag?

– Mange har ei førestilling om at å løpe i fjellet alltid må vere ubehageleg, og då blir det jo det.

Emelie meiner at fjelløping passar for mange. Det handlar berre om å ta det i sitt eiget tempo. Gå der ein må, løpe når ein kan. Folk flest, med travle liv, bør ha løpinga som ein fristad, ikkje som et stressande krav, meiner ho.

– Vi er jo skapt for å røre på oss. Om ein tykkjer det er herleg, då vil ein tilbake til det. Og jo meir ein gjer noko, jo betre blir ein.

Spring ofte utan klokke

Men, for å bli skikkeleg god, må ein tyne seg. Kor fort kan eg springe 2500 høgdemeter i dag? Kva for pulssone bør eg ligge i? Får eg tid til åtte bakkeintervallar på slutten av økta? Når er kroppen klar for å springe tolv mil i strekk igjen? Dette er spørsmål som eliteatletane stiller seg. Dei står i kontrast til verdiane i det tradisjonelle norske friluftslivet. For mange er det viktig å legge vekk klokke og kvardagskjas når ein er i fjellet, for å gjenopprette kontakt med seg sjølv og omgivingane.

I Forsbergs sjølvbiografiske bok Sky Runner, skin naturgleda gjennom. Bileta, tatt av kjærasten Kilian, viser ei dame som er i eitt med fjellnaturen – og nyt det.

– Ja visst har eg fleire knallharde økter med klare mål i løpet av veka. Men ofte spring eg berre i fjellet, utan klokke.

Emelie meiner det er mogeleg å både vere perfeksjonistisk atlet, og å føle rein friluftsglede.

– Det er stor skilnad på løping og løping, seier ho ettertenksamt.

Var ingen ungdomsstjerne

Forsberg vedgår at livet hennar som profesjonell skil seg frå dei som har vanlege jobbar. Ho har god tid til å trene og – like viktig – kvile. Ho vil vinne konkurransar, og kontinuerleg bli betre.

At vi har med ein proff å gjere kjem fram på fleire måtar. Intervjuavtalen som vart fastsett til nøyaktig 1,5 time. Den kameravante haldninga. At Sunnmørsposten skal få tilsendt ekstra pressefoto frå ein person i teamet hennar.

Men ho drøymde i utgangspunktet ikkje om å bli eliteutøvar. Aldri var Emelie nokon ungdomssjerne.

Marit Bjørgen uttalte ein gong at ho har vore heldig med sitt val av sine foreldre. Forsberg kom ikkje frå nokon idrettsfamilie. Men søstera vart rugbyspelar for Englands landslag. Emelie vart stjerne i ein sport som er stor i Alpane, men framleis liten i Norge.

Det er berre seks år sidan 31-åring byrja å leve av løping.

– Eg dreiv med noko eg likte på fritida, så fekk eg sjansen, og lykkast, seier ho fornøgd.

Eit av hennar beste løpeminne, er då ho jobba på Turtagrø Hotell i Jotunheimen. Kvar dag hadde ho utsikt mot Hurrungane, og bestemte seg for springe rundt fjellmassivet. Turen tok åtte timar.

– Det var sånn «wow, hur heftig». Eg fekk sjå fjellet frå alle sider.

Seinare har ho sprunge mykje lenger – i strekk heilt opp i 31 timar.

– Kva tenkte du då, den siste timen?

– Så klart gledde eg meg til det var over. Men det var også rått å kjenne kor godt kroppen takla det.

Halvnakne fjolls til fjells?

Det er mange populære motbakkeløp på Nordvestlandet, med Skåla opp som ein bauta. Forsberg har sjølv sprunge i området rundt Patchellhytta og deltatt på Saksa Opp i Sunnmørsalpane.

Med dette i mente, synest ho det er merkeleg at både ultraløp (minst 43 kilometer) og randonee er såpass små sportar i Norge.

– Nordmenn liker jo å gå på tur. Når nokon får teste lett løpeutstyr, blir dei fort frelst.

«Den tradisjonelle fjellturen er i ferd med å moderniseres. Minimalismen gjør sitt inntog over fjell og dal i Norges land – med joggesko, tights og sekk med femliters volum». Orda stammar frå ein lengre reportasje Fjell og Vidde (gitt ut av DNT) trykte i september 2017. Der fekk lesaren møte ein gjeng som sprang den populære fleirdagarsturen Trekanten i Trollheimen. Kva med tryggleiken når folk pilar halvnakne og vektbevisste til fjells?

– Om eg skal løpe 20 kilometer treng eg kanskje ikkje å ta med noko. Men ein uerfaren person burde kanskje ha med ekstra klede, ha med førstehjelpspakke, ha med mat. Ein må ta utgangspunkt i eigne føresetnader.

Forsberg seier med det omtrent det same som naturfilosofen Nils Faarlund. Han meiner at vi berre treng ein fjellvettregel: Tur etter evne.

Kjærasten Kilian utførte i februar den mest spektakulære nedkøyringane på ski Norge har sett. Han sette utfor Trollveggen, ned ei 55–60 grader steil linje som til då berre hadde vore klatra. Jornet hadde studert linja i to år, og venta på dei riktige forholda. I mai i 2017 tok han seg til toppen av Mount Everest to gonger på fem dagar, utan oksygen.

– Det handlar om å kjenne sitt nivå. Han har sitt, eg har mitt og du har ditt. Ein må både kjenne sine eigne avgrensingar, og gi seg sjølv utfordringar, seier Emelie.

Også Forsberg har fått sine lærepengar. I 2013 måtte ho stivfrosen reddast ned etter ein vinterklatretur i Chamonix. Ho skreiv på bloggen sin i etterkant at ho burde tatt med meir klede.

Då ho skulle springe Kungsleden, fann ho eit notat ho hadde skrive for ti år sidan. Den gongen planla ho å springe fem mil per dag. Då ho sette ny rekord, klarte ho dagleg ni mil i snitt.

– No var eg meir erfaren og hadde eit anna treningsgrunnlag.

– Proteindrikk er oppskrytt

Forsberg et ikkje kjøtt eller egg, men litt meieriprodukt. Dermed er ho såkalla lakto-vegetarianar.

– Det er noko med heilskapen. Det kjenst betre å ete ting som veks, ikkje skapningar som er drepne.

Forsberg fnys av dei som trur ein må ha kjøttmat for å få i seg nok protein.

– Ein kan sjølvsagt ikkje ta bort kjøttet og berre ete smør og potet. Ein må legge til noko også.

Ho foreslår bønner og linser som gode alternativ.

Trenden med å skulle ha i seg proteindrikker i samband med trening, ser ho på som overdrive.

– Kroppen kan ikkje ta opp all verda av det. Og det er tyngre for levra å bryte ned protein enn karbohydrat.

Berre blåbær

Då Forsberg skulle skriv bok, ville ho ikkje følgje den klassiske «først gjorde eg det, så klarte eg det, etterpå opplevde eg det»-kronologien. Ho lagde heller ei samla pakke som lar lesaren ta del i heile livsstilen.

For i tillegg til å skildre opp- og nedturar, byr ho også på vegetar-oppskrifter, yoga, løpsøvingar og refleksjonar. På spørsmål om ho klarar å samle livsfilosofien sin i ein setning svarar ho «enkelheit og kontrastar» – kontrastar mellom sommar og vinter, regn eller sol, hard og lett trening, å springe langt eller kort.

– Kva er planane framover?

– Det som er så bra med å bu her, er at det er motbakkeløp kvar helg.

Ho leikar også med tanken på verkeleg høge fjell i Himalaya.

– Klarar du å ta turar der du rett og slett berre går?

– Hm ... Når eg plukkar bær!

Då spring ho sjølvsagt til bærplassane.