S tolen har slått spesielt godt an i Nord-Norge:

– Eg trur dei må ha ein «Solveig» i omtrent alle hus i Lofoten. Men så har eg også hatt ein god forhandlar på Leknes i Lofoten, seier Olav Sindre Roald.

Han er heile leiinga og staben ved Solheim Møbelverksted på Vigra.

– Eg er vel dagleg leiar her. Sjølv om det kanskje er 15 år sidan eg hadde tilsette i bedrifta som eg kunne leie. Men vi har vore opp mot fem her på ein gong. Ja, eg har til og med hatt lærlingar, seier 57-åringen.

Møbelbedrifta på Roald må vere den rakaste motsetninga ein kan finne til Ekornes.

Ingen kinesarar

Olav Sindre har aldri hatt kinesiske beilarar på døra. Han har aldri flotta seg på møbelmesser i Milano, Køln eller Stockholm.

Her i dei godt brukte lokala på Roald er det ingen robotar, men gamle og velbrukte – og nedbetalte – maskinar.

«Levert av: M.J. Hollingsether Maskinforretning. Nedre Strandgate 14. Tlf: 2662», står det på ein av dei.

Rundt om på veggane er det mellom anna bokhyller, fylte opp med historie.

– Dette er bøker etter historikaren Odd Vollan i Ålesund. Han som arva bøkene hadde ikkje plass til dei heime. Så difor hamna dei her, forklarer Olav Sindre – som også er leiar i Vigra Historielag.

Det var bestefaren Olaf Roald som begynte med trearbeid på Roald for godt over hundre år sidan. Han hadde gått på ein snikkarskule i Ørsta.

– Bestefar starta i kjellaren i bustadhuset sitt. Her dreiv han mykje med treskjering, seier Olav Sindre – og viser fram ei høgst spesiell lysekrone som heng i verkstaden.

Faren Per og onkelen Ingvar ville satse på møbelproduksjon, og starta i 1947 det som skulle få namnet Solheim Møbelverksted, kalla opp etter namnet på bustadhuset på nabotomta: Solheim.

Tyskarbrakke

Dei to fekk overta ei tyskarbrakke på Budafjellet, og flytta den til Roald og sette den opp ved sidan av Solheim.

Slik hadde bedrifta fått namn, og slik fekk etter kvart stolen «Solveig» namn. Den måtte jo kunne knytast til Solheim.

Sidan 1985 har einaste produktet frå bedrifta på Roald vore nettopp stolen «Solveig».

– Stolen har endra seg litt opp gjennom åra. Men ikkje mykje. Før var beina i stål. No er dei laga i laminat. Fasongen er derimot den same.

«En klassisk stol uavhengig av skiftende moteretninger», heiter det på heimesida til møbelbedrifta.

Kunden kan velje mellom ulike tre og stoff og fargar.

– Kven er det som har kjøpt alle desse 45.000 stolane?

– Eg har seld flest i Trøndelag og Nord-Norge, og sjølvsagt mange her på Sunnmøre.

– Salet har som oftast gått gjennom Bohus, Møbelringen og Fagmøbler, ikkje som kjedeavtalar, men ved direkte sal til forretningane. Og så har eg hatt dyktige salsagentar rundt om i landet.

– Då Riise hadde møbelbutikk på Kiperviktorget gjekk det til dømes unna. Dei selde stolar så det stod etter, minnest Olav Sindre.

Færre no

På det meste laga han 2.500 «Solveig»-stolar i året. No er han nede i 600–700, kanskje 20 eksemplar i dei mest hektiske vekene.

Han lagar likevel ikkje meir enn dei han allereie har kjøpar til.

Hos Solheim Møbelverksted er det nemleg ingen produksjon for lager.

Så når vi skal ta bilete av ein ferdig stol, må Olav Sindre hente eit eksemplar heime i stua si i nabohuset.

At produksjonen går ned skuldast ikkje berre mindre sal.

– Politikken, som eg er engasjert i, tek ein del tid. Og det siste året har eg også begynt å jobbe litt innan psykiatrien. Eg likar å arbeide med folk, til ei avveksling.

Nedtrapping

– Betyr det at Solheim Møbelverksted går mot slutten?

– Nei, det blir ikkje nokon brå slutt, iallfall. Det er nok meir snakk om ei nedtrapping over tid, trur Olav Sindre Roald.

Han og kona Kari har to søner og ei dotter. Ingen av borna har planar om å ta over møbelbedrifta.

– Det er utenkeleg for dei å drive denne bedrifta vidare.

– Er det trist?

– Nei, slett ikkje. Alt har si tid.

Bedrifta på Roald er ei av framleis nokså mange møbelbedrifter på Nordvestlandet.

Men Olav Sindre Roald seier at han har ikkje noko kontakt med dei andre – bortsett frå at han kjøper skumplast hos Ekornes.

Etter å ha laga den same stolen i over 30 år, har ikkje Olav Sindre vanskar med å kjenne att møbelet – anten han kjem inn i ei stove på Vigra, eller ser stolen på tv:

– Blir det til dømes filma inne frå ei stove i Lofoten, får eg ofte auge på ein «Solveig».

Tek liten plass

– Eg trur stolen, som tek liten plass, høver godt til dei litt små

bustadhusa dei gjerne har bygd der oppe. Og så er han solid. Eg har fire i stova sjølv.

Dei aller første produkta til Solheim Møbelverksted var derimot madrassar og dører.

Frå slutten av 50-talet vart stolar eit viktig produkt frå bedrifta.

– Det vart laga lenestolar i forskjellige variantar, basert på om lag same design. Dei hadde namn som «Zenit» og «Stella».

Olav Sindre begynte sjølv i møbelbedrifta på midten av 80-talet.

Han seier at det var eit val han gjorde sjølv, og at han ikkje følte noko press:

– Tvert imot sa både far min og onkel at eg måtte ikkje satse på dette. Det var ikkje liv laga, meinte dei.

– Det var vel også litt tilfeldig at eg tok over. Eg hadde gått gymnaset, og seinare på DH på Lillehammer – der eg studerte bedriftsleiing.

– Eg såg iallfall ikkje for meg at eg skulle bli her så lenge som eg har blitt.

Politikk

Olav Sindre vedgår at sjølv om radioen står på heile dagane, så kan det av og til bli litt stussleg å arbeide åleine kvar dag. Men han får ofte besøk, ikkje minst av dei som vil diskutere politikk.

For Olav Sindre har vore engasjert i lokalpolitikken i Giske i mange år, først som Høgre-politikar, no som valt inn på Tverrpolitisk liste.

Ein viktig grunn til at han gjekk ut av Høgre var partiet sitt ønske om å gjere Giske til ein del av nye Ålesund kommune.

Det vil ikkje Olav Sindre Roald ha noko av.

Sjeldan blome

Møbelhistorikar Eldar Høidal i Sykkylven seier at Solheim Møbelverksted på Vigra er ein ­sjeldan blome i bedriftsfloraen på Sunnmøre i dag.

Men slik har det ikkje alltid vore:

– Ei tid var det vanleg med små bedrifter, også der berre ein mann dreiv åleine. Dei starta gjerne opp i ein kjellar, med to tomme hender og stort pågangsmot.

– Ikkje minst etter andre verdskrig var behovet og etterspurnaden etter møblar svært stort, legg Høidal til.

120 i Sykkylven

Han fortel at i 1955 var det berre i Sykkylven 120 møbel- og trevarebedrifter.

Men så gjekk det nedover med mange av dei, og dei forsvann etter kvart.

– Kva var det som skjedde?

– Nokre bedrifter satsa stort, investerte i nye og betre maskiner, fekk til ein langt meir rasjonell produksjon – og laga dermed billigare møblar enn det småbedriftene klarte å levere.

– Dessutan knytte dei store til seg dyktige designarar, og satsa meir på marknadsføring, legg Eldar Høidal til.

Forsvann

Møbelhistorikaren fortel at dei små bedriftene, med ein eller to-tre tilsette, forsvann stort sett frå møbelkartet på slutten av 1950- og starten av 60-talet fordi dei ikkje var konkurransedyktige nok – iallfall ikkje på pris.

– Avskalinga var omfattande Og det var svært få igjen på 70-talet. Så slik sett er Solheim Møbelverksted ein sjeldan fugl i dag. Eg veit iallfall ikkje om noko tilsvarande i Sykkylven i dag, seier Eldar Høidal.