[ helgapraten ]

Med naturen som levebrød

Oscar Almgren er oppvaksen i tjukkaste Stockholm. Å reise til Stranda var eit sosialt eksperiment for den no prislønte gründeren i naturguiding.

Friluftsmann: Oscar Almgren er storbyguten som har slått seg ned på Sunnmøre, med naturen som levebrød. Aller best likar han seg når det er snø. Han siktar no mot å perfeksjonere seg som skiguide, gjennom Nortind nye skivegleiarutdanning, der det var svart krevjande å kome inn og berre tolv personar klarte krava.  Foto: Nils Harald Ånstad

Reportasje

Søkjer du opp namnet Oscar Almgren på internettet, finn du ein svensk politikar og mange treff på ein svensk arkeolog.