< Sunnmørsalpane kallar - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Så vidt nok snø til toppturar i Sunnmørsalpane:

Påska er her – røm til fjells!

Påskeferien gjer sitt inntog. Stive pc-nakkar og stressrynker kan bytast ut med snø og sol.

Rømling: «Kvifor sitte inn når alt håp er ute?» heitar det. Sunniva Skuset tok med seg skikompis Anders Møller Vestgaard til fjells og fekk sett nokre gode svingar i vårsnøen. Øvst og midt i bildet ser vi Saudehornet. 

I påska ønskjer eg å gå på Sunndalsnipa og favorittfjellet Skårasalen

Synnøve Austnes
Reportasje

Vi er vel mange som har sitte inne på kontora våre, mugna sakte i skuggen av vårsola. Mysa ut vindauget, sett fjell som framleis er kvite gjennom sprinklane på persiennene som formar eit gitter. Vi er vel også mange som allereie har fått, eller i det minste får, moglegheita til å rømme ut og gjere det einaste rasjonelle: nyte fjellet.