Lokale elveeigarlag meiner oteren er ein av årsakene til at det er problematisk lite laks i nokre av lakseelvene på Sunnmøre. Fire lokale elver skal no vere med i eit prosjekt for å kartlegge kor mykje laks oteren et. Her frå Aureelva i Sykkkylven, der Arild Skaga, Marius Kambestad, Jan Melseth, Petter Løbakk og Nils Gunnar Brunstad snakkar om korleis dei skal løyse oppgåvene. Foto: Nils Harald Ånstad

Meiner oteren kan gi dødsstøyten til enkelte lakseelver

I fire elver på Sunnmøre, Aureelva og Ramstaddalselva i Sykkylven, Norddalselva i Norddal og Søre Vartdalselva i Ørsta, skal ein no kartlegge kor mykje villaks oteren forsyner seg med. Hypotesen er at oteren er ein av fleire årsaker til at det er lite laks i fleire av elvene.