Daniel sel kamskjel han har plukka sjølv

Kamskjell: Dette er målet når Daniel og morfar Njål tek på seg dykkardrakt og fer ut med båten frå hytta i Eiksund.  Foto: Linda Eikrem

Det er i alle fall to tusen kroner. Eg sparer til ny telefon, for den eg har no, er ikkje så veldig bra.

Reportasje

(Vikebladet Vestposten): «Då går eg berre og gjer meg klar, eg.» Elleve år gamle Daniel Skeide Vikanes er der han likar seg aller best: på besteforeldra si hytte i Havåg i Eiksund. Klokka nærmar seg 12.00, sommarferien er enno ikkje slutt, vêret er lettskya, lufttemperaturen er behageleg. Og det viktigaste: det er straks fjøre sjø. – Eg er her veldig mykje, eg synest det er veldig fint her, fortel han.