Vil opne opp om demens og bidra til å løyse gåta

Då faren fekk demensdiagnosen, oppdaga dottera at det framleis er tabu knytt til denne sjukdomen.

Kunnskap: Pergunn Rødseth Gjerdsbakk meiner det er viktig med openheit og kunnskap om demens, slik at ein kan hjelpe dei som har sjukdomen til å leve normale liv lenger.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Reportasje

– Det er vanskeleg å seie at demens ikkje skal vere tabu, for folk føler dette forskjellig. Enkelte er ikkje komfortable med å vere opne, men det hjelper ikkje dei som får demens å halde stilt om dette, seier Pergunn Rødseth Gjerdsbakk.