Bruktski-marknad på Rokken:

Vinterleg gjenbruksglede i Volda

Også i år sto folk i kø for å få rimeleg kvalitetstutstyr til seg sjølv og barna sine. Mange får også godt samvit med på kjøpet.

– Det sender ein signaleffekt til resten av samfunnet.

Frode Sætre om miljøaspektet ved lokale bruktmarknader
Reportasje

Det er som om halve Volda har stilt seg i kø. Når døra vert opna klokka 13, renn folk inn som ein flaumstor bekk. Med jaktinstinkt i blikket, lar dei auga danse over brukt skiutstyr.