< Eli-Johanne - fersk prest i femtiåra - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Eli-Johanne - fersk prest i femtiåra

Ho øydela ei hand og måtte slutte som kantor. Men Eli-Johanne Rønnekleiv gjekk berre lenger fram i kyrkjerommet då ho skifta jobb. Ho vart prest.

Selje: Sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv på plass i Selje kyrkje.  Foto: Christina Cantero / Fjordenes Tidende

Reportasje

– Eg fekk ein skade i samband med styrketrening. Så det var på ein måte eit uhell som gjorde at eg vart prest, ler Eli-Johanne Rønnekleiv.