Jaktar på eventyret

Det er no eller aldri for kompisane. Med seglbåten «Bohemen» skal dei jorda rundt.

I mars kastar dei loss, f.v. Henrik Molvær, Markus Gjendemsjø og Birk Solnørdal.  Foto: Marius Simensen

Reportasje

I mars kastar dei loss for å segle jorda rundt. Markus Gjendemsjø (22) frå Skodje, Henrik Molvær (21) frå Langevåg og Birk Solnørdal (22) frå Ålesund gler seg. To av dei har trygge, faste jobbar. No er det seglbåten «Bohemen» som blir heimen dei neste to åra.