Vidar Parr kom til Vanylven som lærarvikar i 1977. Eigentleg er han frå Dyrkorn i Stordal, eller Fjord som kommunen no heiter. Parr vil ikkje seie for mykje om kva han vil gjere som pensjonist, men det er ikkje umogleg at han kjem til å skrive ein del – og kanskje gi ut noko også. Tidlegare har Parr gitt ut ei bok om Vanylven saman med Per Eide. Kanskje blir det også tid til nokre kåserikveldar. Foto: Einar Orten Trovåg

Ein avismann på synste går av

Han kom ikkje inn på journalistutdanninga fordi han gløymde å søke innan fristen. Pressekarrieren til Vidar Parr skulle likevel bli lang. I dag går han av som redaktør for Synste Møre.