Har berre ein tredel så mange kommunestyrerepresentantar i Møre og Romsdal som på 90-talet, men i Vanylven held dei stand:

Venstre var sjølve vestlandspartiet – kva skjedde?

Venstre var distrikt, målsak og fråhaldssak. No snakkar dei om Kaffe Latte, legalisering av narkotika og å ete mindre kjøt. Kva var det eigentleg som skjedde?

Langt frå Oslo: Venstre har på 2000-talet blitt skulda for å vere eit Kaffe Latte-parti. Kaffi har dei også på Coop Marked i Syvde, men den er svart og berre det. Her regjerer ein av landets to Venstre-ordførarar, Lena Landsverk Sande.   Foto: Staale Wattø

Reportasje

– Det er mykje næring her. Eg håper i alle fall det har med det å gjere, seier Lena Landsverk Sande.