Ein 130 meter lang, 33 meter høg og 40 meter brei dokkhall har skapt skarpe frontar – saka blir avgjort tysdag:

Landsbyen som ikkje kan gjere alle til lags

Kva er viktigast av industri og utsikt? Og kven er eigentleg høvding i landsbyen? Stemninga på Larsnes har vore betre enn ho er no.

Saknar dialog: Fleire innbyggjarar på Larsnes saknar dialog både med kommunen og Larsnes Mek. - Vi saknar ein konsekvensanalyse, seier Reidun Sandanger. Sande kommune seier at det ikkje er rekna på om eigedommane eventuelt blir mindre verdt dersom hallen blir realisert, men at det blir vanskeleg å gjere det presist - for utan verftet kan det også bli mindre attraktivt å bu på Larsnes.   Foto: Einar Orten Trovåg

Reportasje

– Kjem hallen vil det rasere miljøet og føre til mindre bulyst. Eg har barnebarn som ønskjer å flytte hit, men dei ønskjer ikkje å flytte til eit verft.