Meiner mange innbyggjarar har fått dårlegare service etter kommunesamanslåinga:

Listhaug skuldar nye Ålesund for vanstyre

Mange vanlege innbyggjarar har fått det verre under nye Ålesund kommune, meiner Sylvi Listhaug (Frp). No ber ho ordføraren om å ta grep.

På heimebane: Sylvi Listhaug (Frp) har ferie heime på Sjøholt, som i likskap med resten av Ørskog no er ein del av nye Ålesund kommune. Men Listhaug likar ikkje det ho har sett av nyekommunen det første halvåret.  Foto: Staale Wattø

Reportasje

– Nye Ålesund kommune har så langt vore eit rot frå ende til annan. Folk blir oppgitte over kor dårleg styrt kommunen er. Det er vanstyre, seier Listhaug.