Nokre klarer seg godt gjennom koronakrisa, andre har fått langt større vanskar:

Denne campingplassen har fått 90 prosent færre gjestar

– Eigentleg er det ein vits, sukkar Knut Asle Goksøyr. Drivaren av Goksøyr Camping på Runde har knapt nok gjestar samanlikna med vanlege sesongar.

Ein fortvila situasjon: Odd Asle Goksøyr fortvilar over ein svært dårleg sesong for Goksøyr Camping, men kan ikkje gjere anna enn å bite saman tennene og håpe at neste år blir betre.  Foto: Einar Orten Trovåg

Reportasje

– Eg kan ikkje seie det heilt nøyaktig enno, men det ser ut som nedgangen er på 90 prosent, seier Goksøyr.