Ragnar Thorseth om møta med Fidel Castro og dronning Elizabeth, ekspedisjonane og nedturane:

– Eg gjorde rett i å leve det livet eg har levd

Han rodde åleine til Shetland, var første nordmann til Nordpolen og har sete side om side med nokre av verdshistorias mest kjende statsleiarar. No ser Ragnar Thorseth (72) både bakover og framover i tid.

Sirilund: Garden til Ragnar Thorset ligg idyllisk til i Tjørvågane i Herøy. Her er lite halvgjort. Utedoen har fått namnet «Sirilund».   Foto: Staale Wattø

Reportasje

– Det var ein utruleg spennande kveld og natt. Thor Heyerdahl var der også. Det var vi tre og ein tolk, seier Ragnar Thorseth.