Med budeia til seters

Kvar sommar flyttar Anne-Gunn Habostad til seters med geitene sine. Det er både idyll og hardt arbeid.

Tradisjon: Geitebonden Anne-Gunn Habostad ber vidare ein lang tradisjon med seterdrift. Geitene bidreg til matproduksjon, men gjer også ein stor innsats for kulturlandskapet i Sunnylvsmoldskreddalen.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Reportasje

Midt på 1800-talet var minst 70.000 setrar i drift her i landet, ifølgje ein fersk rapport frå organisasjonen Norsk seterkultur. I dag er det rundt 900 aktive setrar igjen.