Industrihistoria i Stranda:

I denne bygda laga dei den første norske olabuksa og nylonskjorta - og her starta norsk møbelindustri

Olabukser, nylonskjorter, vaskebrett, pizza, møblar, slikkepottar og sofafjører. Det er berre litt av alt som opp gjennom åra er blitt produsert på fabrikkar i Stranda kommune. No skal industrihistoria forteljast med ei permanent utstilling.

Wing: Stolen Wing frå P.I. Langlo. Designar er Harald Relling. På biletet Reidar Lunde (til venstre) og Helge Søvik.  Foto: Terje Engås

Reportasje

Dei er einige i at det er litt av ei oppgåve dei har teke på seg, Reidar Lunde (72) og Helge Søvik (81), medan dei viser oss rundt i 3. etasje i PI-bygget på Stranda.