Linda Karlsbakk bor like ved favorittutsikta over Sunnmørsalpane frå Mauseidvågen. Foto: Nils Harald Ånstad

– Heilt annleis

Då Linda Karlsbakk fekk brystkreft for 20 år sidan måtte ho gjennom operasjon, cellegift og stråling. Då ho fekk det på nytt for to år sidan måtte ho omtrent berre ta nokre tablettar. Sjølv om det er same kreft som for 20 år sidan, er det noko heilt anna for ho å ha kreft no – i både positiv og negativ forstand.